LEITING: Røde Kors i Lærdal og Aurland vart kalla ut på leiteaksjonen etter eit turfølge på sju personar. Illustasjonsbilete
LEITING: Røde Kors i Lærdal og Aurland vart kalla ut på leiteaksjonen etter eit turfølge på sju personar. Illustasjonsbilete

Leiteaksjon avslutta – turlag hadde teke feil rute

Både politi og Røde Kors frå Lærdal og Aurland vart kalla ut, då eit turlag på sju personar vart meld sakna.  

Lærdal: Politiet melde om hendinga på Twitter kring halv ni fredag kveld. Turfølget skal ikke ha møtt opp til avtalt tid og stad. Kring ein time seinare melde politiet om at dei har vore i kontakt med turfølget, som hadde teke feil rute og skulle ta seg ned att på eiga hand.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var det norske turistar som gjekk turen frå Vardahaug til Frønningen i Lærdal, som tek kring åtte timar og er ein krevjande tur. Dei la i veg kring halv ti fredag morgon. 

Til toppen