LEITEAKSJON: Politi, Røde Kors og Norske redningshunder deltok i ein leiteaksjon i natt i Sogndal. 
LEITEAKSJON: Politi, Røde Kors og Norske redningshunder deltok i ein leiteaksjon i natt i Sogndal.  (Arkiv)

Leiteaksjon etter 16-åring enda godt

Det vart starta opp ein leiteaksjon etter ein 16 år gamal gut i Sogndal natt til måndag.

Sogndal: Politiet melde på Twitter rundt klokka 01.30 at dei var i ferd med å starte opp ein leiteaksjon etter ein 16 år gamal gut.

Både politiet, Røde Kors og Norske redningshunder bidrog i søket etter guten som då var sist sett i Parkvegen i Sogndal. 

Heldigvis enda leiteaksjonen godt. Klokka 07.30 måndag morgon fann Røde Kors guten i god behald.

Til toppen