LEITAR: Politiet og frivillige leitar etter ein eldre mann ved Brandanger i Gulen.
LEITAR: Politiet og frivillige leitar etter ein eldre mann ved Brandanger i Gulen. (Skjermbilde: Google Maps)

Leiteaksjon etter eldre mann: – Truleg falle i sjøen 

– Det er gjort søk med dykkarar i området, men den sakna er ikkje funne. Klokka 1640 blei det beslutta å avslutte livreddande redningsaksjon, skriv politiet.

Gulen: Vest politidistrikt melde torsdag morgon at dei har sett i gang ein leiteaksjon ved Brandanger etter at ein eldre mann ikkje har komme tilbake til hytta etter ein tur. 

Politiet fekk melding om saka seint onsdag kveld. 

– Mannen har vore aleine på hytta og dei pårørande kontakta politiet då dei ikkje fekk kontakt med han, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker. 

Den sakna er ein mann født i 1930.

Det blei iverksett søk med redningshelikopter, frivillige frå Røde Kors, Norske redningshunder og Norsk folkehjelp, brannvesen, redningsskøyte og politimannskap både på land, langs land og på sjøen.

Har avslutta livreddande søk

I ei pressemelding torsdag kveld skriv politiet at søket på land var resultatlaust, men at det etter kvart vart funne ein båt på sjøen som kunne knyttast til den sakna.

– Omstendigheitene rundt den, som fiskeredskap, fortøyningsmåte og plassering, tilseier at han truleg har falle i sjøen. Det er gjort søk med dykkarar i området, men den sakna er ikkje funne. Klokka 1640 blei det beslutta å avslutte livreddande redningsaksjon, skriv politiet.

Det vil bli iverksett søk etter antatt omkommen så snart det er praktisk mulig, men ikkje torsdag kveld. Dette blir koordinert av Nordhordland lensmannsdistrikt, skriv politiet  

 

Til toppen