Skjerdalsberga
Skjerdalsberga (Foto: Arne Veum)

Leiteaksjon i Aurland: – Har ikkje blitt sett sidan fredag

Fleire naudetatar er engasjert etter ein mann på 29 år i Aurland.

Aurland: Politi, brann, helikopter og frivillige er engasjert i ein leiteaksjon i Aurland. 

– Dei pårørande har ikkje sett personen sidan fredag, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt. 

Hausvik ønskjer ikkje å gå ut med alder eller kjønn på personen, men seier det er ein vaksen. 

  • Skjerdalsberga Foto: Arne Veum
    Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no 

– Me tar utgangspunkt i der me meiner personen sist vart sett, og søkjer ut frå dette, seier Hausvik.

Hovudredningsentralen bistår leiteaksjonen med helikopter frå Florø. Redningsleiar Eirik Walle seier personen er 29 år gammal. Firda skriv at det er ein mann.

Leitemannskap leitar i området rundt Skjerdalsbergi. Dei leitar både på land og med båt på vatnet.

Til toppen