BLIR LENGRE: Ei undersøking som er publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening viser at fastlegeavtalane varar lengre i store kommunar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BLIR LENGRE: Ei undersøking som er publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening viser at fastlegeavtalane varar lengre i store kommunar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Arkiv)

Lengre fastlegeavtalar i store kommunar

Bur du i ein liten kommune og har ein ung, mannleg lege? Då er det ikkje sikkert du får ha han så lenge.

Årdal/Lærdal: Nasjonalt senter for distriktsmedisin har undersøkt stabiliteten på fastlegeavtaler. Ein av intensjonane bak fastlegeordninga som blei innført i 2001 var å auke kontinuiteten i lege-pasient-forholdet, og varigheita på fastlegeavtalene er sentral i dette forholdet. Dette utgjer bakteppet for undersøkinga, som er publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening.

Resultatet av granskinga viser at fastlegeavtalen varte over tre gonger så lenge i store kommunar med over 50.000 innbyggjarar som i kommunar med under 2.000 innbyggjarar.

Stabiliteten auka betrakteleg dersom legen var ei kvinne, og studien viser også at yngre legar seier opp avtaletida raskare enn eldre legar.

– Nordmenn er gjennomgåande nøgd med fastlegane og den kontinuiteten dei representerer. Det er vanleg å anta at kontinuitet er eit kvalitetskriterium og at stabile primærlager er gode, kommenterer Hogne Sandvik, spesialist i allmennmedisin og forskar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, i ei pressemelding. (©NPK)

Til toppen