ILLUSTRASJON: Politiet ber folk om å ikkje trekka forhasta konklusjonar i den alvorlege valdtektssaka, og halda spekulasjonane til eit minimum.
ILLUSTRASJON: Politiet ber folk om å ikkje trekka forhasta konklusjonar i den alvorlege valdtektssaka, og halda spekulasjonane til eit minimum. (Foto: Arkiv)

Lensmannen om valdtektssaka: – Viktig å ikkje førehandsdøma

I inntil eit år må mannen frå Sogn og Fjordane venta på å få svara på valdtektsskuldingane. I mellomtida håpar politiet at folk ikkje trekkjer forhasta konklusjonar.

Sogn og Fjordane:  Tysdag vart det kjent at den valdtektssikta mannen, som sidan torsdag har sete i varetekt på Mallorca, får reisa heim til Norge medan etterforskinga pågår.

I bygda byrja ryktene om identiteten til den arresterte mannen å gå allereie i helga. Politiet ber folk tøyma seg.

– Det er viktig at kvar og ein held seg rolig og unnlet å gå i den fella det er å forhåndsdøma, seier leiaren for lensmannskontoret i kommunen mannen er heimehøyrande.

Politiet legg til at òg offeret sjølvsagt må bli teken vare på og få støtte.

Norsk politi har enno ikkje fått innsyn

Den lokale politileiaren minner om at ikkje ein gong dei veit detaljane i saka. 

– Me har ingen informasjon om kva som faktisk har skjedd der nede, for me har ikkje fått innsyn i saka enno. Difor er det viktig at ein passar på å ikkje snakka for mykje, seier han.

I sosiale medium har fleire late seg hissa opp over dei alvorlege skuldingane. Samstundes gjer mange som det lokale politiet, og minner om at ingen er skuldig før ein er dømd.

Ikkje uroa for lynsjestemning

Til NRK seier regionlensmannen i området at politiet i Norge ikkje vil arrestera den valdtekssikta om han kjem til landet. Dette fordi dei ikkje har nok dokumentasjon, eller fått førespurnad om det frå Spania.

Lensmannen er ikkje uroa for lynsjestemning i bygda når mannen kjem heim. Samstundes nyttar han høvet til å oppmoda folk om å oppføra seg.

– Eg håpar at det ikkje blir eit problem, og at folk tek det med ro. Så får dei som skal jobba med saka ta seg av den jobben, seier lensmannen.

Til toppen