SAMAN: Petter Hagen(f.v.), politibetjent ved Årdal lensmannskontor, Jorid Lien Nilsen og Ørjan Eraker, førstebetjentar ved tilhøvesvis Aurland og Lærdal lensmannskontor går saman om felles facebookside «Politiet i Årdal, Lærdal og Aurland». Foto: Ole Ramshus Sælthun
SAMAN: Petter Hagen(f.v.), politibetjent ved Årdal lensmannskontor, Jorid Lien Nilsen og Ørjan Eraker, førstebetjentar ved tilhøvesvis Aurland og Lærdal lensmannskontor går saman om felles facebookside «Politiet i Årdal, Lærdal og Aurland». Foto: Ole Ramshus Sælthun

Lensmannskontora slår seg saman – på Facebook

Om det blir lensmannskontor i Årdal, Lærdal eller Aurland er ikkje avklara. Men på Facebook er dei frå 30. november samanslått. 

Årdal/Lærdal/Aurland: – Me veit kvar det går. Uansett kvar oppmøtestad blir og kor mange lensmannskontor me får så skal me samarbeida enno tettare i framtida. Så då lagar me ei felles facebookside for Årdal, Lærdal og Aurland for å ha ein felles informasjonskanal både ut og inn, seier politibetjent Petter Hagen, politibetjent ved Årdal lensmannskontor.

At dei blir slegne i hop er for så vidt feil å seia - berre lensmannskontoret i Årdal har hatt facebookside til no. Så det er heller snakk om ei utviding. Sida skal gå under namnet «Politiet i Årdal, Lærdal og Aurland» og startar altså opp onsdag. 

Vil nå ungdommen

Alle som er på Facebook kan sjølvsagt nytta tilbodet, men dei håpar først og fremst dei når meir ut til ungdom på denne måten.

– Eg er litt gamaldags og tenkjer «kvifor kan dei ikkje koma på kontoret». Me er jo ikkje så farlege. Men det er ikkje slik, ungdommen brukar alt anna enn personleg oppmøte, seier Jorid Lien Nilsen, førstebetjent ved Aurland lensmannskontor.

– Når me er fleire om sida er det alltid einkvan på kontoret som kan leggja ut noko når det trengst, seier Ørjan Eraker, førstebetjent ved Lærdal lensmannskontor.

Hagen, som var ein dei som starta Facebook-sida til Årdal lensmannskontor, meiner dessutan dette kan vera ressurssparande.

– Det forpliktar.  Ei slik side må jobbast aktivt med, men ein får høve til å informera utan at publikum står og ventar ute i skranken. Det kan også verka førebyggjande så me faktisk sparar ressursar.

Enkle spørsmål

Dei ser også at det er eit behov for ei slik side ettersom dei alle har opplevd å bli kontakta på sine private facebookkontoar med politirelaterte spørsmål.

– Eg var i eit møte med barnevernet, og dei sa at også dei vart kontakta av folk på sine private facebookkontoar. Så dei meinte dette var veldig lurt, seier Lien Nilsen

Vidare fortel Hagen at folk stort sett har enkle spørsmål.

– Det går i slikt som opningstider, spørsmål om pass og søknadsprosessar. Eller spørsmål om me veit om det og det - spørsmål me set pris på.

Politiet i Sogn og Fjordane har loggen sin på Twitter, men facebooksida er ikkje meint å ha ein slik funksjon.

– Det kan vera aktuelt til dømes i samband med leiteaksjonar å leggja ut om ting som skjer. Me har mykje utmark, der skjer det me har leiteaksjonar - det same gjeld i samband med utelivet, på festivalane me har, til dømes. Då kan me leggja ut informasjon om at me er ute og leitar etter nokon og kanskje få hjelp av publikum.

– Går framtida i møte litt i framkant

I det heile er dei tre lensmannskontora tidleg ute - dei kjenner ikkje til at andre lensmannskontor i Sogn gjer same grepet, og utom Årdal er det berre lensmannskontoret i Luster som har eiga facebookside.

– Så me går framtida i møte litt i framkant, seier Hagen.

– Er dei eldre betjentane bekymra for dette?

– Ikkje bekymra, men dei er kanskje ikkje like aktive. Det er vel difor me litt yngre er plukka ut til å jobba med dette. Me har nokre administratorar, så får andre meir avgrensa rettigheiter. Det er fort gjort å «lika» noko og meina ein gjer det med sin private fecebookkonto, så står ein på Politiet sin konto og plutseleg kjem det opp «Politiet liker dette».

Til toppen