Lensmannskontora utvidar opningstida

Lensmannskontora utvidar opningstida

Dersom du ikkje har passet i orden til somarferien, får du høve til dette komande veke.

Komande veke held lensmannskontora i Årdal og Lærdal ope på kveldstid for dei som ynskjer å ordne seg pass.

Årdal lensmannskontor utvidar opningstida si måndag 18.mai og tysdag 19.mai. Då vil kontoret vere ope frå 15:00 - 20:00.

Lærdal lensmannskontor utvidar opningstida si tysdag 19.mai, og kontoret er då ope 15:00 - 19:00.

Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun, fortel til porten.no at dette er eit tiltak som vert gjort for dei som ikkje rekk innom kontoret i den vanlege opningstida.

–  På grunn av dei vanlege opningstidene er det mange som ikkje rekk innom kontoret fordi dei sjølv er på jobb. Ved å utvide opningstidene vonar me at også desse kan få passa sine i orden i god tid før sommarferien.

Øvstetun legg til at det kan vere lurt å ringe og avtale tid for å unngå venting.

 

 

Til toppen