BESTÅR: Lensmannskontoret i Årdal. Arkivfoto
BESTÅR: Lensmannskontoret i Årdal. Arkivfoto

Lensmannskontoret i Årdal består

Ein god start på helga for svært letta årdalsrådmann.

Årdal: – Klagen me sendte til Politidirektoratet er teken til følgje og lensmannskontoret vil framleis bestå i Årdal – det var meldinga me fekk, seier rådmann i Årdal, Olve Fossedal.

Som kjent vart lensmannskontoret i Årdal vedteke nedlagt i desember og skulle leggjast inn under felles lensmannskontor for Indre Sogn i Lærdal.

Les også: Politidirektøren held på nedlegging av lensmannskontora i Årdal og Aurland

Les også: Dette kan bli den nye tenestestaden til Knudsen

Men, no blir altså lensmannskontoret i Årdal etter alt å døma oppretthalde. Følgjande står på Politidirektoratet sine nettsider:

«På bakgrunn av klagen fra Årdal kommune, og en helhetsvurdering, har Politidirektoratet besluttet å omgjøre sitt vedtak om å avvikle Årdal lensmannskontor. I vedtaket om omgjøring er det lagt særlig vekt på forhold knyttet til saksmengde, oppdragsmengde, kriminalitetsutfordringer og bosettingsmønster i Årdal kommune, samt bosettingsmønster i Indre Sogn.»

– Me undra oss litt over at føresetnaden var at me kunne klaga berre på prosessen. Me klaga både på prosessen og realitetane, seier Fossedal.

Les også: Ordførarar skuffa over politireforma

– Betyr veldig mykje for Årdal

Rådmannen fortel at Magne Knudsen, lensmann i Årdal, var ein glad mann då han fekk meldinga:

– Han var jo svært tilfreds med resultatet og tykte det var veldig bra at kommunestyret stod på og fekk jobba dette fram.

– Kva betyr dette for Årdal?

– Det betyr veldig mykje fordi politiet i Årdal er veldig godt integrerte. Det handlar om førebyggjande arbeid, arbeid med ungdom og barn, dei har god kjennskap til dei spesielle områda og miljøa som er belasta med kriminalitet og det er bra i høve industrien me har i bygda – tryggleiksarbeidet knytt til dette.

– Me har jobba veldig mykje med saka og venta at fornufta ville sigra til slutt. Politiet i Årdal har jobba lenge og mykje med dette og er svært letta over å ha fått medhald, avsluttar Fossedal.

Til toppen