– Aurland kommune har dermed fått medhald på klagen over politidirektoratet sitt vedtak i januar om å leggja ned lensmannskontoret, skriv Aurland kommune på sine nettsider.
Aurland kommune har gjennom prosessen framheva at gjennomgangstrafikk, turisme, mange tunnelar og ein krevjande natur tilseier at politiet må ha tenestestad i kommunen.
– Eg har heile tida sagt at me har ei god sak, og det er flott at me no får ei avgjerd som betyr svært mykje for tryggleiken til eigne innbyggjarar og alle dei som gjestar kommunen, seier ordførar Noralv Distad.
I mars vart også lensmannskontoret i Årdal oppretthalde etter at kommunen klaga på den først vedtekne nedlegginga av lensmannskontoret der.
Les også: Lensmannskontoret i Årdal består