DEBUT: Eirik Lereng fekk starte for Sogndal i kampen mot Jerv. (Foto: Arkiv/Halvor Storvik)
DEBUT: Eirik Lereng fekk starte for Sogndal i kampen mot Jerv. (Foto: Arkiv/Halvor Storvik)

Sogndal måtte ta til takke med poengdeling - Lereng fekk sin første kamp frå start

Årdølen Eirik Lereng fekk sin debut frå start for Sogndal i bortekampen mot Jerv.

Sogndal: Kampen enda 1-1 etter at Jerv utlikna på overtid, og Sogndal tok med eitt poeng heim til saftbygda.

Laget mot Jerv

Laget: Mathias Lønne Dyngeland - Tomas Totland, Per Magnus Steiring, Eirik Lereng, Joachim Soltvedt, Sixten Jensen, Steffen Ernemann, Sivert Mannsverk, Eirik Schulze, Ole Amund Sveen og Sigurd Haugen.

På benken var Håvard Hetle. Akor, Eivind Helgesen, Jonas Fredriksen, Ole Martin Rindarøy.

Sogndal fekk den første store sjansen då Eirik Schulze heada over frå kort avstand etter nesten halvspelt førsteomgang. Ti minutt før pause burde Jerv teke leiinga då Mathias Dyngeland laga straffe til heimelaget. Mathias Wichmann gjekk fram for å ta det for Jerv, men Dyngeland varta opp med ei solid redning og fekk parert til hjørnespark.

Fysisk batalje med få sjansar 

I den andre omgangen utvikla kampen seg til ei fysisk batalje utan alt for mange sjansar. Etter 68 minutt måtte Dyngeland nok ein gong varte opp med ein kjemperedning då han hindra Jerv sin Espen Knudsen. Under ti minutt seinare fekk Jerv endå ein kjempesjanse då Aram Khalili heada nokre centimeter utanfor målet til Sogndal.

Fem minutt før ordiner tid var ute, måtte Dyngeland igjen i aksjon då han redda, og ballen gjekk ut via stolpen. Sogndal svara med å gå rett i angrep, og i sin siste kamp for laget skåra Ole Amund Sveen etter ein flott avslutning frå rundt 16-meteren. Samme mann kunne dobla på overtid då han kom åleina med keeperen, men skotet gjekk utanfor.

Dei fleste forventa nok ein Sogndal-siger, men fem minutt på overtid dukka Torje Wichne opp og utlikna. Dermed vart det berre eitt poeng for Sogndal, som står med 21 poeng etter halvspelt serie.

Til toppen