DEBUT: Eirik Lereng fekk tysdag sin debut for landslaget i prøve-EM mot Nord-Irland.
DEBUT: Eirik Lereng fekk tysdag sin debut for landslaget i prøve-EM mot Nord-Irland. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Lereng debuterer for landslaget mot Nord-Irland

Då prøve-EM starta tysdag kveld var både Eirik Lereng og Sivert Mannsverk på bana.

Nord-Irland: Tysdag møtte Norge sin G18-tropp Nord-Irland i prøve-EM på Mournview Park i Nord-Irland. 

Kampen markerte landslagdebuten for Sogndal-spelar Eirik Lereng (18), eit nytt tilskot i troppen. 

– Eirik Lereng har hatt ein strålande sesong i Sogndal. På dei ni kampane han har starta i OBOS-ligaen har laget hans berre sleppt inn fem mål med Eirik på bana i midtforsvaret. Det er gode tal som me som jobbar rundt dette landslaget har lagt merke til, seier landslagstrener Pål Arne «Paco» Johansen til Fotball.no

Det er fire lag med i turneringa. I tillegg til Noreg er Nord-Irland, Tyskland og Portugal med. 

Lereng og Sivert Mannsverk frå Årdal signerte nyleg proffkontrakter med Sogndal Fotball. Mannsverk har lang erfaring frå landslagsfotball, og har spelt totalt 14 kampar med flagget på brystet.

Til toppen