FRÅ FABRIKK TIL BUSTAD: Syltetøyfabrikken til Lerum i Sogndal skal bytast ut med høgblokker med opp mot 150 leilegheiter. Salstarten skal etter planen vere på nyåret. Illustrasjon: Veidekke.
FRÅ FABRIKK TIL BUSTAD: Syltetøyfabrikken til Lerum i Sogndal skal bytast ut med høgblokker med opp mot 150 leilegheiter. Salstarten skal etter planen vere på nyåret. Illustrasjon: Veidekke.

Lerum brygge er i rute

Utbyggjarane vil bruke 2017 til å planleggje, så startar salet.

Sogndal: I samarbeid med Lerum skal Veidekke byggje høgblokker med opp mot 150 leilegheiter nede ved kaia i Sogndal, der syltetøyfabrikken er i dag.

Før helga var utbyggjarane bak Lerum brygge i oppstartsmøte med kommunen. Temaet var reguleringsplanen som skal ut på høyring til våren, der sjølve bygget, uterom, tilkomst og infrastruktur er moment som må avklarast 

Når reguleringsplanen er ferdig, forhåpentlegvis i 2017, så startar arbeidet med å spikre detaljane i prosjektet før det første av fem byggjetrinn skal ut på marknaden.

– Vi forventar å rive fabrikken i andre kvartal neste år, medan salet av bustader startar på nyåret, seier Stig Melbø, dagleg leiar i Lerum brygge.

Les også: Slik vert Sogndal sitt svar på Aker Brygge

Det betyr samstundes at 2017 vert det siste året med syltetøyproduksjon i Sogndal. På Kaupanger er Lerum i gang med å røyse både nytt kontorbygg og ny fabrikk. Kontora skal vere ferdige i september, fabrikken i mars neste år.

Til toppen