STARTSKOTET: Ordførarane frå Luster, Leikanger, Sogndal, Lærdal og Årdal opna Lerum Cup tysdag. Her ser du Leikangerordførar Olav Lunden (f.v) og Lærdalsordførar Jan Geir Solheim i elden. Foto: Ina Eirin Eliassen

Lerum Cup i skyting er i gang

Det er ikkje berre ordførarane som skyt i Sogn. Dei markerte nemleg berre opninga av Lerum Cup. 

I den finaste tida på året med vår, sol og blomsting i Sogn, går Lerum Cup av stabelen.

I ARRANGØRGRUPPA: Robert Sandvik, leiar i Knipenborg skyttarlag.
I ARRANGØRGRUPPA: Robert Sandvik, leiar i Knipenborg skyttarlag.

– Kva betyr ein slikt årleg cup?

– Me har funne eit tidspunkt på året der skyttarane er i oppkøyringsfasen og står føre ein stor sesong. Det å samla fem stemne slik på ei helg, sett dei pris på. Skyttarane får ei naturoppleving i den finaste tida i Sogn, samstundes som dei får testa skytinga si før Noregscup, som er neste helg, fortel Robert Sandvik, leiar i Knipenborg skyttarlag.  

Opna med ordførarkamp

Tysdag arrangerte Sogn Indre Samskyttarlag ein ordførarkamp mellom fem ordførarar frå Indre Sogn. Det var for å markere opninga av Lerum Cup og for å få med seg fleire unge inn i skyttarsporten. 

Les også: Ordførarkamp: Kven er den mest treffsikre av desse?

Artikkelen held fram under biletet

ORDFØRARANE MED HJELPEMANNSKAP: Fem ordførarar frå Indre Sogn stilte opp til skytekamp på Kaupanger tysdag for å opne Lerum Cup.
ORDFØRARANE MED HJELPEMANNSKAP: Fem ordførarar frå Indre Sogn stilte opp til skytekamp på Kaupanger tysdag for å opne Lerum Cup.

Sjølv om flesteparten av skyttarane skal i elden torsdag, fredag og laurdag, var det stemne på skyttarbanane til Farnes og Knipenborg i Årdal måndag, mens i Hafslo, Leikanger og Sogndal tysdag. 

Skyttarar i alle aldrar

Skyttarar frå 9 til 90 år er samla på dei fem ulike skyttarstemna rundt om i Indre Sogn. Til no er kring 700 deltakarar påmeldt, sjølv om talet kan variere frå stemne til stemne. Dei fleste av desse kjem frå andre plassar i landet. 

– Talet på deltakarar har vekse markant etter at me i 2009 sette inn høggiret for å gjera arrangementet større, fortel Jens Terje Hammervoll i Sogn Indre Skyttarsamlag.

Artikkelen held fram under biletet

SAMARBEID: Lerum Cup er eit samarbeid mellom Farnes skyttarlag, Hafslo skyttarlag, Knipenborg skyttarlag, Leikanger skyttarlag og Sogndal skyttarlag. 
SAMARBEID: Lerum Cup er eit samarbeid mellom Farnes skyttarlag, Hafslo skyttarlag, Knipenborg skyttarlag, Leikanger skyttarlag og Sogndal skyttarlag. 

Finn resultata fortløpande

Når siste skyttar har skote siste skot i ein konkurranse, kan du få greie på kven som vann. Lerum Cup har eit unikt IT-system som får resultata raskt ut på nett. 

Er du nysgjerrig på korleis det går med skyttarane kan du sjekke det her. 

På nettsida til Lerum Cup finn du resultata for kvart stemne og samanlagtresultat a for heile cupen. I tillegg er det premiering etter klasse og jamnaste resultat. 

Lerum Cup skifta namn i 2010 frå Avinor Cup, og har vore arrangert i til saman ni år. Lerum står no som hovudsponsor av arrangementet. 

Til toppen