Sogndal: I den vesle grenda Sørheim i Luster i Sogn kokte «Bestemor Lerum» si første saft, ein augustdag i 1907.
«Bestemor Lerum» heitte Kari Ørbech Hansdotter Lerum og hadde gifta seg med handelsmann Nils Hansson Lerum. Dei tok imot bær frå bøndene i området og sende dei med båt vidare til Bergen.
Ein dag vart to bærstampar ståande att på kaia. For at bæra ikkje skulle bli øydelagde, laga Kari saft av bæra. Safta vart fylt på flasker og selt i Bergen. Safta vart godt motteken, og neste sesong kom det nye ordrar frå Bergen. Dette var starten på Lerum-eventyret.
Framleis ei familiebedrift
110 år seinare held bedrifta det framleis gåande. I helga inviterer dei bygda og regionen med på ein folkefest i Sogndal. Allereie fredag startar det med konsert i Stedje kyrkje med Sjøforsvarets musikkorps, Sogndal songlag og Førde kammerkor.
– Det er kjekt å fylle år. Dersom me hadde spurt oss sjølv for nokre år sidan, hadde me ikkje trudd at me skulle bli ei så gamal bedrift med tanke på utfordringane som har vore gjennom åra. Det er litt mot alle odds at me framleis er ei familiebedrift driven av fjerde generasjon, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.
Ho fortel at det har vore mange tøffe tak. Då dei opna fabrikken på Kaupanger i 1993, var den bygd for Pepsi-produksjon, men i 1998 mista dei den avtalen. Akkurat no er bedrifta også inne i ein tøff periode etter at Rema kutta alt syltetøy frå Lerum i butikkane sine.
– Eg likar ikkje ordet omstilling. Me jobbar kontinuerleg for å bli betre. Eg plar seie at me har vore i omstilling i heile mi tid og i periodane før det, seier direktøren, som meiner suksessoppskrifta inneheld trua på det dei driv med, gode medarbeidarar, råvarer og hardt arbeid.
Konsert av lokale musikkrefter
Alt det harde arbeidet skal i helga feirast, først med konsert i Stedje kyrkje i kveld. Laurdag blir det ein musikalsk folkefest i bygda med parade, korpsmusikk og talar.
– Me vurderte fram og tilbake om me skulle markera og korleis. Me landa på at me ville gi noko tilbake til bygda og regionen i form av ein konsert i Sentrumsparken, der lokale musikkrefter frå heile Indre Sogn og Sjøforsvarets musikkorps bidreg. I og med at dette er korpsmusikk, var det naturleg at Kåre, onkelen min, fekk regien saman med Terje Vatlestad, seier Lerum Hjellhaug.
Måndag er det tilbake det gamle att, men med tru på det dei held på med og produkta dei leverer, trur direktøren at det vil bli nye jubileum å feire i åra som kjem.
– Me er overbeviste om at forbrukarane vil ha det me lagar. Me held på med å byggja ny fabrikk på Kaupanger, og eg ser fram til å samla heile gjengen der med god drift, der me utviklar gode produkt framover.