OPPSVING: Lerum har aldri utgjort ein større del av syltetøysalet i norske butikkar enn tilfellet var i februar. 
OPPSVING: Lerum har aldri utgjort ein større del av syltetøysalet i norske butikkar enn tilfellet var i februar.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Lerum fekk sukkersjokk i statsbudsjettet

Må ut med 18 millionar kroner ekstra i året etter avgiftsauke i statsbudsjettet.

Kaupanger: – Eg har nesten ikkje ord, dette er berre så utruleg provoserande og demotiverande, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug i Lerum til Sogn Avis, som først omtalte saka.

Avgiftsauken vart bestemt onsdag, då Høgre, Frp, Krf og Venstre vart samde om ei budsjettavtale. Der låg det inne nye satsingar for til saman over 6,5 milliardar kroner.

Satsingane er mellom anna gjort moglege av å auka sjokolade- og sukkeravgifta, ei auke som vil gje over ein milliard ekstra kroner inn til statskassa.

For Lerum utgjer det ein alvorleg ekstrakostnad. Ekstra bittert er det fordi dei med resten av næringa har samarbeida med regjeringa for å få ned sukkernivået i produkta.

– Eg har fått avgiftssjokk. Eg hadde aldri trudd at dette skulle kome no, seier Lerum Hjellhaug til NRK.

Til toppen