Sogndal: I dag kunngjorde Lerum at dei lanserer den kalorifrie tørstedrikken ZERoh! i svenske butikkar. Bakgrunnen er suksessen i Norge, der den frå lanseringa i 2013 gjekk frå null til 111 millionar i omsetning på tre år.

– Salstala i Norge har vore så gode at me no ynskjer å utfordra den svenske marknaden. Me har arbeida i lang tid med å få til dette, og no er me endeleg klare til lansering, seier administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, i ei pressemelding.
Ho seier dei òg har gjort blindtestar i nabolandet, som viser at svenske ganar likar ZERoh betre enn dei samanliknbare marknadsleiande svenske produkta.
Leskedrikken frå Lerum vil frå første dag få plass i hyllene i 65 prosent av den svenske daglegvaremarknaden.
– Me veit aldri korleis eit produkt vert motteke i ein ny marknad. Men, viss suksessen me har hatt i Norge kan gjenskapast i Sverige, håper me at dette på sikt kan trygga arbeidsplassar og sikra bærekraftig drift i saftbygda òg i åra som kjem, seier Lerum Hjellhaug.