NY OPTIMISME: Lerumsjefen har rista av seg skuffelsen og er klar til å bevise at Rema tok feil då dei vraka syltetøyet deira.
NY OPTIMISME: Lerumsjefen har rista av seg skuffelsen og er klar til å bevise at Rema tok feil då dei vraka syltetøyet deira.

Lerum Hjellhaug om Rema-brotet: – Sikker på at me skal røysa oss 

Ho har leia familieverksemda sidan 2008, men vert no sett på den kanskje tøffaste prøva hittil.

«Det var ei stemme som sa: no går det til helvete. Så var det ei anna som sa at: dette skal me fiksa. Då må du bestemma deg for kva stemme du vil lytta til.»
– Trine Lerum Hjellhaug på gårsdagens næringsslivsseminar på Fosshaugane Campus.

Sogndal: Ho fekk vite det femtande desember: Som ein del av den nye bestevenn-strategien fjernar Rema alt Lerum-syltetøy frå butikkhyllene. Det var eit tøft slag for verksemda, som meir eller mindre over natta mista trettifem prosent av syltetøysalet. Allereie neste dag sende Trine Lerum Hjellhaug ut e-post til alle tilsette for å informere om kva som kom til å skje.

– Det er veldig viktig for meg at dei tilsette ikkje les slike ting i avisa, men får høyra det frå meg først, seier ho.

Les også: Lerum syltetøy kasta ut av Rema-butikkar: – Sjølvsagt leit

I går heldt lerumsjefen eit føredrag om leiing på eit fullstappa næringslivsseminar i Sogndal. Det kunne ikkje ha kome på eit meir aktuelt tidspunkt. Trine Lerum Hjellhaug fortalte korleis verksemda har tenkt å reise seg etter den solide nedturen. Om kva prinsipp ho som leiar prøver å styre etter. Som den tidlegare fotballspelaren ho er gjekk det kort tid mellom lagmetaforane.

Si eiga rolle prøver ho å tone ned så godt ho kan.

– Min jobb no er å få med heile gjengen på å snu det. Og tru at det går. For eg trur på det me driv med og eg er sikker på at me skal røysa oss. Men eg må ha med alle dei tilsette, for eg klarer ikkje noko åleine. Me er sterkt motiverte til å visa at Rema har tatt feil, seier Lerum Hjellhaug.

OPENHJARTIG: Under føredraget på Høgskulen var lerumsjef Trine Lerum Hjellhaug open om kor tungt det var å få vite at Rema ikkje lenger vil selje syltetøyet deira. No er planen å slå enno sterkare tilbake.
OPENHJARTIG: Under føredraget på Høgskulen var lerumsjef Trine Lerum Hjellhaug open om kor tungt det var å få vite at Rema ikkje lenger vil selje syltetøyet deira. No er planen å slå enno sterkare tilbake.

Tek avgjerd om nedbemanning før ferien

Som me skreiv måndag vil brotet med Rema få konsekvensar. Kostnadar må kuttast og tilsette må gå.

– Det er aldri kjekt. Kor mange det er snakk om veit me ikkje heilt enno, men me har sett i gang ein prosess internt, seier Lerum Hjellhaug.

– Når må de bestemme dykk?

TILBAKESLAG: Lerum tapte mot Nora i kampen om å bli besteven med Rema. På nyåret vart det bestemt at daglevarekjeda vrakar lerumsyltetøy frå butikkane.
TILBAKESLAG: Lerum tapte mot Nora i kampen om å bli besteven med Rema. På nyåret vart det bestemt at daglevarekjeda vrakar lerumsyltetøy frå butikkane.

– Eg ønskjer at det skal vera ein god prosess, så han får vara så lenge som han må. Men når me nærmar oss ferien, i mai kanskje, så veit me meir, seier Hjellhaug.

Les også: Slik vert Sogndal sitt svar på Aker Brygge

Å kutte kostnader er berre første delen av «vinnarplanen», som ho kallar den. Den andre er å utvikle nye produkt.  

– Me må berre halda fram med å jobba hardt og håpa at Rema på eit tidspunkt ser at dei må ta oss inn att. For me trur at forbrukarane vil ha oss i hyllene, seier ho.

Les også: Framleis Lerum-syltetøy i heimfylket

Det siste er meir enn berre ønsketenking.

Då nyheita vart kjent på nyåret vakna verkeleg lokalpatriotismen i den sognske forbrukarsjela. Tusenvis viste si støtte via sosiale medium. Mange lova boikott. Media følgde opp. På ei veke vart det skrive 302 saker om Rema-brotet. Trine Lerum Hjellhaug seier ho har fått merke at folket heiar på dei.

– Kor mykjer varmar det?

– Det er kjempekjekt. Det viser at folk trur på oss. Då må me gjera det me kan for å visa at me fortener det, seier ho.

STORT LØFT: Rema-brotet kom knappe to månader etter at Lerum bestemte seg for å ta storinvesteringa det er å flytte syltetøyproduksjonen frå Sogndal og samle alt under eitt tak på Kaupanger. Illustrasjon: Lerum. 
STORT LØFT: Rema-brotet kom knappe to månader etter at Lerum bestemte seg for å ta storinvesteringa det er å flytte syltetøyproduksjonen frå Sogndal og samle alt under eitt tak på Kaupanger. Illustrasjon: Lerum. 

Respekterer besteven-strategien

Rema er kanskje ein matvaregigant, men likevel minst av dei tre aktørane som i dag dominerer norsk daglegvarehandel. Både Norgesgruppen og Coop er større, noko som gir fordelar når dei skal forhandle med levarandørane. Større volum gir lågare pris.

Bestevenn-strategien til Rema er ein direkte respons på dette: ved å konsentrere seg om færre leverandørar håpar dei å få betre innkjøpsavtalar. Færre leverandørar betyr større volum hos dei som blir ståande att.

Til sjuande og sist handlar det om botnlinja i ein bransje der konkurransen er tøff og prisen på kassalappen avgjer det meste. Ikkje minst for Rema, som har bygd forretningsmodellen rundt løftet om å vere billegast.

– Dei har lagt ein strategi som dei trur på og det respekterer me. At dei ikkje valde oss kan me ikkje gjera noko med. Me har tapt mot ein annan leverandør, det er ein del av konkurransen. Då må me berre verta enno betre slik at me kan vinna att seinare, seier Lerum Hjellhaug.

Les også: Lerum må seie opp tilsette etter Rema-kutt

Lerum har hatt tre verdiar dei styrer etter: ekte, stolt og ærleg. På sist styremøte vedtok dei eit fjerde: engasjert. Det ordet trur lerumsjefen meir enn nokon gong oppsummerer kva som skal til for at verksemda kjem seg over kneika dei er i.

Og igjen er det laget, eller dei tilsette, engasjementet må komme frå, seier ho. 

– Dei ser ting som kan bli betre, korleis me kan bli meir effektive, kan jobba smartare, dei kan ha idear til nye produkt. Det ønskjer eg enno meir av framover no. Slik at me løyser dette i lag.

Til toppen