RASA MOT FINANSMINISTEREN: Trine Lerum Hjellhaug var ikkje redd for å kritisera sukkeravgifta ovanfor finansminister Siv Jensen.
RASA MOT FINANSMINISTEREN: Trine Lerum Hjellhaug var ikkje redd for å kritisera sukkeravgifta ovanfor finansminister Siv Jensen. (Foto: Faksimile NRK )

Lerum konfronterte Jensen om sukkeravgifta: – Ein prinsipplaus næringspolitikk

Trine Lerum Hjellhaug møtte finansminister Siv Jensen på Dagsnytt 18 for å diskutera sukkeravgifta.

Oslo/Sogndal: Måndag møtte Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum, finansminister Siv Jensen til radioduell på Dagsnytt 18, NRK. Tema var den mykje omtala sukkeravgifta.

Då Porten.no intervjua Lerum tidlegare på dagen, var ho svært skuffa. Sukkeravgifta for alkoholfrie drikkevarar blei nemleg ikkje reversert, slik sukkeravgifta for sjokolade blei. 

Regjeringa har derimot lova å setja ned eit utval som skal vurdera utforminga av avgifta, både for alkoholfri drikke og sjokolade.

– Det er bra med eit utval, slik at ting kan bli faktabasert. Men det utvalet burde ha vore sett ned før avgiftsauken kom i 2017, sa Lerum Hjellhaug til Porten.no då. 

For Lerum tydde det 16 millionar kroner i ekstra utgifter, til saman 60 millionar kroner i året. Bedrifta på Kaupanger betaler avgift på all drikke dei produserer, sjølv den med null kaloriar.

Jensen: – Lerum svartmalar kraftig

Under debatten på radiosendinga gjekk Lerum Hjellhaug hardt ut mot næringspolitikken til regjeringa. 

– Nok ein gong føler me at det er ein prinsipplaus næringspolitikk som er uforutsigbar og tilfeldig. Me føler at regjeringa ikkje byggjer opp under familiebedrifter, distriktet og næringsmiddelbransjen i Noreg, sa Lerum Hjellhaug, og presiserte at dei også batalar full avgift på saft utan sukker.

Dette var finansminister Siv Jensen ikkje einig i:

– Lerum får til å svartmale dette ganske kraftig: det går bra i norsk næringsliv. Det blir skapt fleire arbeidsplassar enn på lenge, og det blir gjort store investeringar. No skal me setja ned eit utval for å sjå på sukkeravgifta på sjokolade og alkoholfrie drikkevarer, og det er fordi det går an å innretta desse på ein annan måte, svarte Jensen.

Til toppen