SLUTT: I 2017 selde Lerum bygga dei eigde på Grandane i Lærdal, som eit ledd i å flytta all syltetøyproduksjonen til den nye fabrikken på Kaupanger. No blir selskapet Lerum Eigedom Lærdal lagt ned. Foto: Ole Ramshus Sælthun
SLUTT: I 2017 selde Lerum bygga dei eigde på Grandane i Lærdal, som eit ledd i å flytta all syltetøyproduksjonen til den nye fabrikken på Kaupanger. No blir selskapet Lerum Eigedom Lærdal lagt ned. Foto: Ole Ramshus Sælthun

NÆRINGSLOGGEN

Næringsloggen: Lerum legg ned utleigeselskap, nystarta hudpleietilbod i Luster

Sjekk kva som har skjedd i næringslivet i Indre Sogn den siste veka, i vår nye og faste spalte.

Indre Sogn: Kvar veke framover vil me oppdatera deg på dei siste endringane i næringslivet i Indre Sogn, om konkursar og nystarta verksemder, om endringar i styra, om daglege leiarar som går av og kjem til, og mykje anna.

Opplysingane er i hovudsak henta frå føretaksregisteret, som registrerer alle norske og utanlandske selskap i Noreg. Me konsentrerer oss om det som skjer i dei åtte kommunane i Indre Sogn:

Lerum legg ned utleigeselskap

Lerum Eigedom Lærdal har meldt om oppløysing. Leiar for avviklingsstyret er Grethe Kristin Lerum. Kreditorar må melda eventuelle krav eller motsegn innan seks veker frå 23. juli. Selskapet vart etablert i 2007 under namnet Lerum Eigedom 2 AS, og med utleige av fast eigedom som føremål. I fjor var overskotet på 5,8 millionar kroner.

Skiprodusenten aukar aksjekapitalen

Sgn Skis i Sogndal har auka aksjekapitalen i selskapet til 1.214.400 kroner. For eitt år sidan var aksjekapitalen på omlag det halve. Største aksjonærar er Torgeir Sværen Henjum og Tore Frimanslund, som har 21,1 prosent av aksjane kvar. Selskapet gjekk omlag 555.000 kroner i minus i 2016, mot 978.000 året før. I same periode auka omsetninga frå 1,8 til 2,9 millionar kroner.

Bergverksdrift på vent i Aurland

Selskapa Luna Industri og Luna Mineral i Aurland har vedteke at rekneskapa for neste år ikkje skal reviderast, og seier samstundes opp revisor. Selskapa har ikkje hatt inntekter dei siste fem åra, og gjekk 12.000 og 22.000 i minus i fjor. Selskapa vart stifta i 2004, med mål om å vinna ut store mengder av bergarten anortositt. Aurland kommune eig 71 prosent av aksjane i Luna Mineral, som igjen eig 100 prosent av aksjane i Luna Industri.

Endrar kurs

Bfire i Luster endrar føremål til produksjon av maskiner og utstyr til generell bruk. Selskapet vart starta i 2013, og gjekk 73.000 i minus i 2016, mot 123.000 i pluss i 2015. Dagleg leiar er Kurt Brun, gründaren bak Jostedalen industrier.

Nytt hudpleietilbod i Luster

Trines Medispa er eit nytt selskap i Luster starta av Trine Kvamme Sætherbø. Selskapet er registrert i Skjolden, og skal driva med hudpleie, behandlingar og sal av hudpleieprodukt.

Nytt og fiffig styre 

Fiff Kompetanse i Vik, som tilbyr eit webbasert dokumentasjonssystem for fagopplæringa, har endra styret. Styreleiar er no May-Britt Karlsen, medan Grete Haaland er nestleiar, Camilla Håkegård styremedlem og Torbjørn Sund og Bernhard Berø er varamedlemmar. Tidlegare i juli slutta Kjersti Hovland som dagleg leiar. Omsetninga har minka frå 569.000 i 2014, til 260.000 i 2017. I fjor gjekk selskapet 87.000 i minus.

Arkitekt startar eigedomsselskap

Sæbø 2 er eit nytt selskap i Vik, med Anders Vikøren som styreleiar. Selskapet har som føremål å oppføra bygningar, samt å eiga, selja og leiga ut fast eigedom, driva eigedomsutvikling og liknande. Vikøren er frå før dagleg leiar i Aov Eigedom og Arkitektkontoret Anders og Olav Vikøren.

Slettar eigedomsselskap

Kaigata 5 i Årdal er avvikla og sletta frå føretaksregisteret. Selskapet vart stifta i 1985 og dreiv med kjøp og sal av eigen fast eigedom. Vidar Øygard var leiar for avviklingsstyret.

Ny styrekabal

Veekiosken i Årdal endrar styret. Kjetil Jacobsen rykkar opp frå å vera styremedlem til å bli styreleiar. Ann-Helen Bukve held fram som medlem, medan tidlegare styreleiar Ole Ørbeck Vee forsvinn ut.

(Kjelder: bbreg.no, proff.no, purehelp.no.)

Til toppen