PLUSS: Lerum leverte nok eit overskot i 2018, trass ei rekke motvindar som traff dei gjennom året. 
PLUSS: Lerum leverte nok eit overskot i 2018, trass ei rekke motvindar som traff dei gjennom året.  (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Lerum leverte pluss trass tøft fjorår: – Stolt over kva organisasjonen har fått til

No meiner Lerum dei har posisjonert seg for vekst i framtida.

Kaupanger: Lerum har lagt bak seg eit utfordrande år, men greidde likevel å levera eit overskot på 10 millionar kroner før skatt i 2018. Det skriv selskapet i ei pressemelding fredag.

– Eg er stolt over kva organisasjonen har fått til, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug i pressemeldinga.

I 2018 opna verksemda ny fabrikk på Kaupanger, og fekk samla all produksjonen der. Syltetøyfabrikken i Sogndal vart lagt ned.

Den store avgiftsnedturen

Same året auka Stortinget avgifta på alkoholfrie drikkevarer med 42 prosent, noko som gjorde at safta til Lerum vart dyrare ute i butikkane. Lerum jobba gjennom året for å få reversert auken, men i statsbudsjettet for 2019 vart den høge avgifta vidareført.

– Sidan produktavgifta vart innført på saft i 2007, har me betalt om lag 500 millionar kroner til den norske stat i avgift på sukkerfri og sukkerhaldig saft. Det er lite motiverande, spesielt sett i lys av at me i fjor brukte 34 prosent mindre sukker i saft enn i 2005, seier Hjellhaug.

I same periode vaks salet av saft med 44 prosent. 

Ein lang lanseringsfest

I 2018 lanserte Lerum fjorten nye produkt i Norge, blant anna ein kalorifri is. I tillegg lanserte dei safta ZERoh! i Sverige med stor suksess, noko som bidrog til framgangen i salsvolum i 2018.

– I eit år med stor prosjektaktivitet og høge eingongskostnader knytt til dette, er eg glad for at vi har hatt vekst på topplinja og at vi har halde fram den gode utviklinga i marknaden, seier Lerum Hjellhaug.

– No handlar det om å trimma fabrikken ytterlegare og halda fram med å utvikla gode og ernæringsrette produkt, seier ho.

Til toppen