STORT TAP: Som følgje av at Rema kuttar syltetøy frå Lerum frå butikkhyllene vil omsetninga til den tradisjonsrike produsenten gå merkbart ned. Foto: Lerum.
STORT TAP: Som følgje av at Rema kuttar syltetøy frå Lerum frå butikkhyllene vil omsetninga til den tradisjonsrike produsenten gå merkbart ned. Foto: Lerum.

Lerum må seie opp tilsette

Brot med Rema får konsekvensar.

Kaupanger: – Me må ta ned kostnadar og då kjem me heller ikkje unna at det blir færre årsverk. Kor mange er framleis usikkert, sier administrande direktør Trine Lerum Hjellhaug i Lerum til Nettavisen.

Det var i januar at nyhenda kom om at Rema 1000 kuttar ut alt syltetøy frå Lerum frå butikkhyllene. Lerum er berre eitt av fleire selskap som no får merke konsekvensen av Rema si «bestevenn»-satsing.

Hjellhaug seier til Nettavisen at dei vil miste rundt 35 prosent av omsetninga av syltetøy som følgje av at Rema heller valde Nora til bestevenn. 

– Me har difor sett i gang ein intern prosess saman med dei tillitsvalde og dei tilsette der me skal sjå på korleis me skal rigga organisasjonen for å tilpassa oss dette og vera effektive, seier ho.

Til toppen