BLIR VEKKE: Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, har stadfesta overfor NRK at alt Lerum-syltetøy blir fjerna frå Rema 1000-butikkane. Arkivfoto

Lerum syltetøy kasta ut av Rema-butikkar: – Sjølvsagt leit 

Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, seier til Porten.no at kostnadsfokuset for syltetøy- og saftprodusenten ikkje blir mindre framover. Tysdag kom nyhenda om at Rema 1000 kuttar ut alt syltetøy frå Lerum.

Sogndal: – Det er sjølvsagt leit at me ikkje får levera syltetøy til Rema 1000 lengre- Dei har vore ein viktig kunde i veldig mange år, og vil framleis vera viktige, for me skal halda fram å levera saft til Rema, seier Lerum Hjellhaug til Porten.no.

Rema 1000 har bestemt seg for å kutte ut Lerum sine syltetøy-produkt frå alle butikkane i Norge, noko NRK melde først tysdag føremiddag.

– Kostnadsfokuset blir ikkje mindre, for å seia det pent

– Me må berre halda fram med å laga gode produkt av frukt og bær, og håpa me får høve til å koma tilbake som syltetøyleverandør hjå Rema 1000, seier Lerum Hjellhaug vidare.

– Kva blir konsekvensane for dykk?

– Eg har ikkje oversyn over konsekvensane no. Men me har hatt stort kostnadsfokus siste tida, og det fokus blir ikkje mindre framover, for å seia det pent. Me jobbar med å få oversyn over situasjonen og skal jobba i det vidare med å vinna att noko volum.

Ølopprør i nord - syltetøyopprør i Indre Sogn?

Matvaregiganten si "bestevenn-satsing" har skapt furore i Nord-Noreg ettersom Rema 1000 også har bestemt at dei ikkje skal selgja øl frå tromsøbaserte Mack. Etter dei sterke reaksjonane som kom snudde daglegvarekjeda delvis og bestemte seg for å selgja Mack-øl i nord, men altså framleis ikkje frå Trøndelag og sørover.

Når det har vorte ølopprør i nord, spørst det no om det blir syltetøyopprør i Sogn.

– Rema 1000 har vald ein annan leverandør på syltetøy, og det må me forhalda oss til. Me trur forbrukarane vil ha oss, for me har hatt stor vekst på syltetøy dei siste åra. Så me må berre jobba vidare for å laga gode produkt, avsluttar Lerum Hjellhaug, som fortel at telefonane har hagla etter at nyhenda kom i føremiddag.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen