DIKT: Liv Signe Navarsete fekk mykje godord for talen ho heldt på rim.
DIKT: Liv Signe Navarsete fekk mykje godord for talen ho heldt på rim. (Foto: Linda Watten)

Les talen Liv Signe Navarsete heldt på rim til Lerum

Då stortingsrepresentant, Liv Signe Navarsete, heldt tale til Lerum under opninga av den nye fabrikken gjorde ho det på rim

Kaupanger: På Italia-tur med stortingsgruppa vart eg inspirert til å halda opningstalen på rim, så då vert det slik, sa Navarsete, før ho byrja å tale.

Talen til Liv Signe Navarsete:

Soga om Lerum er soga om tru – at det skal vere grunnlag i bygda for å skape og bu.

Då Kari og Nils kokte safta på Sørheim kunne dei drøymde ‘kje om dette i 1907.

At fire generasjonar sitt arbeid og flid.

skulle bli ekte sognasaft og syltetøy til heile Noreg i vår tid.

 

Soga om Lerums er samfunnsbygging som best, arbeidsplassar for mange her vest.

Tilsette frå bygdi med stoltheit for yrket har heile vegen vore bedrifta sin styrke.

Det same er smaken av Sogn i frukt og bær som er dyrka fram hjå bøndene her.

«I saftbygda skal vi lage verdas beste smak av frukt og bær» - er Lerum sitt mål.

Då trengs det at alle spelar på lag – og ei målretta leiing med vilje av stål.

 

Slik leiing har vore frå dag nummer ein,

generasjonane har bygd Lerum opp stein på stein.

Nils og Kari, Karl, Kåre og Bjarne – alle med vilje til å satse og bygge,

i takt med si tid for bedrifta å trygge.

No tek fjerde generasjon eit nytt gigantisk steg –

ein ny fabrikk på Kaupanger, Trine – me beundrar deg!

 

Ei svær investering i topp moderne teknologi - er ei framtidsbru,

men og eit tydeleg uttrykk for framtidstru.

Frå unge eigarar som gjer sentraliseringstrendar til skamme –

for oss med tru på distrikta bør de i glas og ramme.

 

Marginane vart nok større om vegen til marknaden ikkje var så lang.

Og kostnad til ferje og diesel som kan gjere nokon kvar litt vrang.

Likevel er Lerums forankra i Sogn. Og gjennom Lærdal går fullasta vogn etter vogn.

Med juice, saft og syltetøy av første klasse – som den mest kresne gane må passe.

Syltetøy «heimafrå» med identitet i frå vest – ekte varer, det smakar best!

 

«Ekte, stolt, ærleg og engasjert» - er Lerums verdiar.

Gode verdiar, stolte tradisjonar – som står seg gjennom tid og nye generasjonar.

Ærleg arbeid vil produksjonen byggja - og ein hjørnestein i bygdi vår tryggja.

 

Soga om Lerum er framtidas soga - like «in» i tida som facebook og yoga.

På lag med bygdi – sponsar fotball og kultur, og alltid nye spanande produkt på lur.

Trine er ein leiar av dagens kaliber – men lyttar gjerne til Kåre, seniorrådgivar.

Familiebedrifter er ikkje så vanleg i dag, mykje går tapt med utsal og jag.

Historie, kultur og tilhøyre vert gløymt – og med det alle verdiane som ligg løynt.

Så takk for at de på verdiane er sikker – i neste milepæl for Lerum fabrikker.

 

Soga om Lerum er framtidas soge – historia kvelver seg som ein regnboge.

Med Kari og Nils i bronse framfor bygget skal alle bli minna om tider som var,

og gav grunnlag for alt me i notida har.

At bønder på Sørheim i tider som gikk, starta det som no er Noregs mest moderne fabrikk.

Og at framsynte eigarar med Trine som spiss vil ta Lerum vidare på moderne vis.

Me heiar på dikka og ynskjer til lukke – med alle produkt i glas og i krukke.

Alle konkurrentar kan berre strekke våpna –

For NO erklærer eg nye fabrikken for opna.

Til toppen