TANKEVEKKANDE HØGTLESING: Bodil Moene og Kirsten Larsen var blant tilhøyrarane som fekk minnene frå gamle dagar vekte til live av høgtlesinga.
TANKEVEKKANDE HØGTLESING: Bodil Moene og Kirsten Larsen var blant tilhøyrarane som fekk minnene frå gamle dagar vekte til live av høgtlesinga. (Bilde: Snorre Sandemose)

Lesestund på eldresenteret i regi av biblioteket førte til livleg mimring

Samtalen kring bordet etterpå sveiv om både prestar i bygda og om stølslivet før i tida.

Årdal: – Handlinga gjekk føre seg på ei av dei mindre øyene på Åland, nærast på ein holme. Ein prest og kona hans kom til eit lite prestegjeld der. Og prestekona var jordnær, ikkje noka slik stasfrue, fortel Bodil Moen.

Rundt bordet på eldresenteret sit seks andre og lyttar. Ei av dei tilsette frå biblioteket har nettopp lest høgt frå ein ålandsk roman. Men ikkje alle har høyrt like godt etter, difor kjem attforteljinga til Moen godt med.

ENGASJERT OPPLESAR: Ellen Harrison frå biblioteket hadde med seg ei bok ho las høgt frå. 
ENGASJERT OPPLESAR: Ellen Harrison frå biblioteket hadde med seg ei bok ho las høgt frå.  Bilde:  Snorre Sandemose

Handlinga i boka var frå den tida då presten var øvste hovud i bygda, saman med læraren. Kvinnene på eldresentert hugsar godt at det var slik då dei var små òg. 

– Vi hadde ein prest for ei tid sidan, han er sjukehusprest i Førde no. Han gjekk med olabrok under prestekjolen!, fortel Kristin Moen.

Prestekona med lippestift

Dei ler og fortel at han var populær, men at enkelte var litt sjokkerte då dei midt under gudstenesta fekk augo på olabroka. Somme i bygda kunne verta litt opp i under over kona hans òg. Ho kunne ha på seg lippestift og gå i slik brok ute blant folk i bygda, og jamvel ha ein sigarett i munnvika som ho bles på.

– Ein gong var det einkvan som sa til prestekona at «korleis kan du som er prestekone te deg slik og ikkje ein gong gå i kjole». Og ho svara då at «eg er ikkje prestekone, men kona til presten». Ja, ho var jammen tøff og ho var slik som oss andre kvinner, seier Kristin Moen.  

Ei anna kring bordet fortel at det har ikkje vore slik streng bedehuskultur her i Årdal som inne i Jostedalen og i Luster.

Stølslivet før

Samtalen kring bordet tek til å sviva om stølssetrane som dei sat på i ungdomen.

– Eg vaks opp inne på Vettigarden, fortel Olaug Holsæter.  

– Og eg støla på Vettismorki om sumrane, såg til geitene og kyrne og kinna smør, fortel ho. 

EINE SIDA AV BORDET: På denne sida av bordet sat, f.v, Mari Hjelle, Bodil Moen, Kirsten Larsen og Kristin Moen. Bodil Moen fortalde frå romanen, om prestekona Signe som var glad i dyra på prestegarden, og som kunne med kyr og hadde store kunnskapar om krøter.
EINE SIDA AV BORDET: På denne sida av bordet sat, f.v, Mari Hjelle, Bodil Moen, Kirsten Larsen og Kristin Moen. Bodil Moen fortalde frå romanen, om prestekona Signe som var glad i dyra på prestegarden, og som kunne med kyr og hadde store kunnskapar om krøter. Bilde:  Snorre Sandemose

Ei av dei andre kring bordet, Mari Hjelle, var budeie på Aorasete kvar vår. Når sumaren sette i, fylgde ho dyra opp til fjellstølen på Li og sat der til det leid mot hausten. So på hausten trekte ho ned att til stølen på Aorasete, før ho kom heim att til Holseter når det vart rett kaldt utpå hausten.

 – Eg stod opp fire og halv fem om morgonane, for eg skulle koka ein svær kjele med ost og stod til langt utpå dagen med det. Og so, når osten var kokt, var det å byrja å mjølka att, fortel Hjelle. 

Etter kvart byrjar samtalen å krinsa omkring gardar og stølar som leverte mat til presten før i tida. På Lægreidgarden var det på Løst dei hadde stølen og dei meinte å hugsa at gardsfolket der leverte mat til presten.

– Dette er ikkje godt å hugsa sikkert, du må høyra med han Arvid i Osadn om dette, rådde ei av kvinnene Porten.no til å gjera.

Alle er samde om at Arvid i Osadn nok veit dette heilt sikkert.

– Før var det ikkje lett for konene

So vender samtalen tilbake til presten att:  

– Han kunne jamvel sitja på kafeen her i bygda og drikka øl, han var ikkje nokon slik domedagsprest. Han var ein folkeprest, han fylgde tida, seier ei anna kring bordet. 

Kristin Moen fortel at bygda har hatt domedagsprestar òg, lengre tilbake i tida. 

– Det var ein prest som var so høgtideleg streng at når han sette augo i deg, so krumma du deg, fortel ho og ler godt.

Men damene er einige i at prestekonene ikkje lenger er underkua, slik prestekona i romanen kjende seg, jamvel om ho såg ut til å ha ein likande mann.

– Ja, og bondekonene var no òg kua før. Alle konene var kua, seier Mari Hjelle.

Til toppen