ENKLARE: Helse- og omsorgsminister Bent Høie, her i samtale med Kåre Mentz Lysne under ei vitjing på Lærdal sjukehus, lovar mindre byråkrati for folk som skal få pasientreisene sine dekte. Arkivfoto
ENKLARE: Helse- og omsorgsminister Bent Høie, her i samtale med Kåre Mentz Lysne under ei vitjing på Lærdal sjukehus, lovar mindre byråkrati for folk som skal få pasientreisene sine dekte. Arkivfoto

Lettare å få dekt pasientreiser

Frå 1. oktober blir det mogleg å søkje elektronisk om tilbakebetaling av utgifter til reiser til å frå behandling.

I dag må pasientar som har rett på å få dekt nødvendige utgifter til reiser i samband med offentleg godkjend behandling, søkje om dette via posten og leggje ved papirkvitteringar. Det er ressurskrevjande både for søkjaren og pasientreisesenteret i Skien, som årleg behandlar nesten 700.000 slike refusjonskrav.

– Dette er ei teneste som gagnar både pasientane og helsetenesta. Pasientane får raskare svar, og helsetenesta bruker mindre tid på saksbehandling, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Automatisk utrekning av reiselengd gjer òg krava til dokumentasjon enklare. Pasientane skal no få dekt reiser etter ein standard kilometersats uavhengig av transportmiddel. 

Til toppen