LETTARE SKADD: Mannen som blei utsett for ei arbeidsulykke på Hydro fredag morgon, blei lettare skadd, skriv Helse Førde i ei pressemelding. 
LETTARE SKADD: Mannen som blei utsett for ei arbeidsulykke på Hydro fredag morgon, blei lettare skadd, skriv Helse Førde i ei pressemelding. 

Lettare skadd etter arbeidsuhellet

Mannen som blei utsett for ei arbeidsulykke på Hydro i Øvre Årdal fredag blei lettare skadd.

Årdal: Det melder Helse Førde i ei pressemelding natt til laurdag. Det var fredag morgon at politiet fekk melding om arbeidsulykka og rykte ut saman med ambulanse.

Mannen fekk last på fleire tonn over seg i samband med lasting av eit køyretøy. Det var snakk om brot i foten og skulder ut av ledd i tillegg til at han klagde på smerter i rygg og bryst.

Les også: Arbeidsulykke på Hydro

Mannen, tilsett av ein ekstern leverandør, var medviten etter ulykka og blei sendt til Førde Sentralsjukehus for behandling.

Politiet og arbeidstilsynet skal etterforska kva som er årsaka til hendinga. 

Til toppen