SAMAN OM Å REDDA LIV: Jan Kåre Stedje, rektor ved Tangen skule og skuleansvarleg i Årdal, med Øystein Wangen, leiar i LHL Årdal.
SAMAN OM Å REDDA LIV: Jan Kåre Stedje, rektor ved Tangen skule og skuleansvarleg i Årdal, med Øystein Wangen, leiar i LHL Årdal. (Foto: Sunniva Knutsen)

LHL i Årdal inviterte rektor og skulane til å vera med og redda liv

Øystein Wangen, leiar i LHL Årdal, vitja denne veka Tangen skule for å utfordra rektor Jan Kåre Stedje til å bli med på kampanjen «Sammen redder vi liv».

Årdal: Kampanjen går ut på å få undervisning om livredning inn i skulen frå første til tiande klasse.

Dette skal gjerast ved hjelp av elektroniske verkemiddel, som videosnuttar, samt praktisk øving på dukka Mini-Anne. 

Rektor Jan Kåre Stedje, som òg har skulefagleg ansvar for Farnes skule og Tangen skule, seier dette er eit positivt initiativ.

– Me hadde eit liknande opplegg for nokre år sidan der elevar fekk læra førstehjelp. Det var veldig positivt motteke. Dei var gira, og me som er ansvarlege i skulen, er takksame for at me får vera med på slike viktige saker, seier han. 

Heile familien dreg nytte

«Sammen redder vi liv» er første del av LHL Noreg sin vårkampanje. LHL jobbar no saman med Helsedirektoratet for å finansiera Mini-Anne til skulane. 

Stedje seier at dette vil bli lagt inn i undervisninga til hausten. 

– Me ser føre oss å gjere dette med ein gong me får utstyret, forhåpentlegvis til hausten i nytt skuleår. 

Wangen har sjølv opplevd å måtta utføra førstehjelp på ein person som fekk eit illebefinnande. Han meiner ein oppfrisking i hjarte- og lungeredning (HLR) er bra for alle. 

– Heile familien kan gjera nytta av at elevane får Mini-Anne, då kan alle øva på førstehjelp. Set på Stayin´ Alive av Bee Gees, så har du takta du skal hjartekomprimera til, seier han. 

Variert opplæring

Wangen fortel at det vil variera kva form for livredning og førstehjelp dei ulike klassetrinna får opplæring i. 

Elevar på femte og sjette klassetrinn og opp vil øva praktisk på HLR ved å bruka Mini-Anne. Dei heilt yngste frå første klassetrinn og opp til fjerde vi ha fokus på varsling.

– Det er fleire tilfeller der ungar heilt ned i sjuårsalderen har redda liva til foreldra sine. Dei har lært å gjenkjenna når nokon får illebefinnende og at dei skal ringa 113 eller skaffe hjelp i form av andre vaksne, seier han. 

Til toppen