STOR VEKE: Lidvin Berge Hestetun har mellom anna hatt landslagskeeper Rune Almenning Jarstein som trenar på talentleiren.
STOR VEKE: Lidvin Berge Hestetun har mellom anna hatt landslagskeeper Rune Almenning Jarstein som trenar på talentleiren. (Foto: Ole Jørgen Brattland/Equinor. )

Lidvin (14) vil bli Liverpool-proff, denne veka har han spelt med dei beste i landet

Ny Jotun-talent er i ferd med å spela seg inn i landslagsvarmen.

Årdal/Porsgrunn: Lidvin Berge Hestetun (14) avslutta fredag si andre talentleir regi av fotballforbundet. Den første var i mars. Begge gongane har han fått testa seg mot dei beste i landet i hans årskull.

– Eg føler eg har tackla nivået  bra. Eg heng no med, både fysisk og elles med ball, seier fjortenåringen.

På siste dagen av samlinga fredag vart kulla delt opp i det som skulle vera to jamgode lag. Hestetun var stoppar, og laget han vann komfortabelt 3-0.

– Siste kampen toppa alt. Eg er godt nøgd med eigne prestasjonar, seier Hestetun.

Sambygding Leander Øy var med på skuggelandslaget til G16 på same samlinga, medan Sogndal-keeper Håvard Hetle var med G16-landslaget.

Stor oppleving

Først neste år, når han blir 15 år gamal, vil han få sjansen til å bli tatt ut til ordinære landslag. Samlinga er likevel ein sjanse til å visa seg fram for landslagstrenarane.

– Alt i alt har denne veka vore god, og eg føler eg har utvikla meg mykje, seier Hestetun.

Årdølen tykkjer det er stort å få sjansen til å spela over så mange dagar mot dei beste samaldringane.

– Det er ikkje mange som får oppleva dette. Det er mange gode spelarar, og du må kjempa for plassen. Når dei andre er på same nivå som deg, så løftar det deg på eit vis, seier Hestetun.

Liverpool er draumen 

Han er berre fjorten, og føler treningskvardagen i Jotun er så god at han ikkje har hastverk med å komma seg nokon stad. 

Likevel er målet å komma så langt at han kan leva av fotballen. Aller helst vil han spela for favorittklubben Liverpool i Premier League.

– Det er den største drømmen eg har. Eg vil spela for dei ein gong. Skal du å ha motivasjon til å trena nok, så er det viktig å ha eit stort mål å sikta etter, seier Hestetun.

Til toppen