GODT FISKE: Gode fangstar både i elvene i Årdal og Lærdalselvi så langt denne sesongen. Foto: Jan Christian Jerving
GODT FISKE: Gode fangstar både i elvene i Årdal og Lærdalselvi så langt denne sesongen. Foto: Jan Christian Jerving

Ligg an til å slå rekord frå i fjor

Lærdalselvi ligg an til å slå fangstrekorden frå i fjor, og elvene i Årdal har hatt ein svært god start.

Lærdal/Årdal: Fangstrapportane for Lærdalselvi viser at laksefiske går svært godt i Lærdal. Det er på morgonen onsdag 13.juli rapportert inn 562 laks som har vore på land. Desse tala er mykje betre enn fangsten i forrige år. 

Leiar i Lærdal Elveeigarlag, Lasse Sælthun fortel at det bør vere ein sjanse for å slå rekorden frå i fjor.

– I og med at tala ligg 120 over det som var for to år sidan, og det er fanga mykje meir enn i fjor, bør det vere ein sjanse for at rekorden blir slått. Men det er klart det hjelp at fiskinga starta fem dagar tidligare i år. Så kom laksen relativt seint opp i elva i fjor. 

Det er fanga til saman ni sjøaure denne sesongen.

– Det er litt tidleg for å fiske sjøaure no, noko som gjer at det ikkje tatt inn så mykje enda. Det opnar for sjøaurefiske den 18.juli.

Sælthun legg til at det meste av laksen blir tatt i den nedre delen av elva. 

Bra start i Årdal

Fiske i Årdal går også svært bra denne sesongen. Til no er det rapportert inn 42 laks og fire sjøaure i elvene i Årdal. Desse tala er betre enn tala frå i fjor. Då var det rapportert inn ni laks og ein sjøaure på denne tida. 

Artikkelen held fram under biletet.

2017: Elveeigarlaget må vente til neste haust før dei kan stadfeste at elva er fri for gyrodactulus.
2017: Elveeigarlaget må vente til neste haust før dei kan stadfeste at elva er fri for gyrodactulus.


Gyrofri

I Lærdalselvi har det vorte teke gyroprøver over tre år, og prøvene har vist at parasitten Gyrodactylus ikkje er i elva.

– Me kan ikkje stadfeste noko heilt enda. Me må vente til hausten 2017 der det blir tatt nye prøvar, før me kan seie at elva er gyrofri. Dette er kanskje den viktigaste saka for Lærdalselvi og Elveeigarlaget.

Les også: – Lakselusproblemet må gi kutt i lakseoppdrett

I 2011 og 2012 hadde Lærdalselvi behandling for parasitten.

– Etter behandlinga har det ikkje blitt noko oppdaga på prøvar. Men me må gå fem år etter siste behandling, før me kan seie at elva er gyrofri. Me har fortsatt to år igjen før me kan stadfeste noko.

 

Til toppen