Årdal: Løpet er det siste av tre i den såkalla HMR-trippelen, som består av Vettisløpet, Tangen på kanten og Tur til 1000.
Medan dei to foregåande løpa er tøffe nok i seg sjølv, er det ingen tvil om at deltakarane skal få sveitte i laurdagens konkurranse, som er eit reint motbakkeløp.
– Dette kan bli veldig spennande. Det er difor me har det som ein trippel for å få flest mogleg til å vera med på alle tre, seier Børre Øvstetun.
Sekundstrid
Det ligg nemleg an til sekundstrid i både herre- og kvinneklassen laurdag. I herreklassen er det Ola Seim som leiar, men Hans Smedegård følgjer like bak. Likevel skal sistnemnde få jobbe godt dersom han skal ta att luka på 54 sekund mellom dei to.
- Les også: Kjappast under Tangen på kanten
I kvinneklassen er det langt jamnare. Her er det Anita Tveit som leiar med ei totaltid på 1.17.54, men Anne Bjørg Dalheim er ikkje meir enn 14 sekundar bak.
Håpar mange deltar på trimklassen
I tillegg til dei som skal bruke føttene opp svingane i Heirsnosi, er det også dei som skal nytte sykkel. Desse har start frå botnen, medan dei som spring startar på 400-meteren.
– Og me håpar på mange i trimklassen. Dette er ein svært fin tur, så me håpar på godt vêr, og det er mange fine gåvepremiar som vert trekt ut, lokkar Øvstetun, som også gir ein løyperapport.
– Det er grusveg heile vegen, så det er ein fordel. Det er litt humpete, men vegen er teken att av Hydro Energi. Det er ei fin løypa med jamn stigning, så ein får ikkje kvila.