FLOTT KVELD: Sigyn Øren har tru på at det blir ein flott kveld. Foto: Andreas Aannevik
FLOTT KVELD: Sigyn Øren har tru på at det blir ein flott kveld. Foto: Andreas Aannevik

Ligg til rette for ein flott kveld

Kulturskulen i Årdal har for tida 40 songelevar i alderen 8-17år,  frå både Øvre og Tangen. Desse elevane har gjort eit låtutvalg ,og førebudd sin eigen vårkonsert. 

Publikum kan forvente eit breidt spekter av musikksjangrar. Kulturskulen byr på eit program fylt med både pop, rock rap, viser og country. Nokre av elevane er unge debutantar, medan andre er meir erfarne på scena. 

Husbandet

Valeria Hristova, vikarierande songlærar i kulturskulen, har planlagt konserten saman med elevane sine. Ho skal akkompagnere alle låtane sjølv, og har i tillegg fått med seg eit eige husband til å spele på fleire av låtane.

Bandet består i tillegg til Valeria av musikklærarane Ketil Thorbjørnsen på gitar,  Øyvind Lægreid på trommer og ikkje minst multimusikar og draumestipendkandidat Aleksander Kinserdal på bass!

Les også: Lærdøl og Årdøl nominert til draumestipendet

Leiar i Kulturskulen, Sigyn Øren, fortel at det ligg til rette for ein flott kveld med unge songtalent frå Årdal.

 

Til toppen