BER OM MØTE: Sogn regionråd har bedt om eit møte med Arbeids- og sosialdepartementet for å drøfte den potensielle samanslåinga av NAV-kontora i Sogn og Fjordane og Hordaland. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv).
BER OM MØTE: Sogn regionråd har bedt om eit møte med Arbeids- og sosialdepartementet for å drøfte den potensielle samanslåinga av NAV-kontora i Sogn og Fjordane og Hordaland. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). (Foto: Arkiv)

– Likar ikkje at arbeidsplassar vert tekne frå fylket vårt

Sogn regionråd har bedt Arbeids- og sosialdepartementet om eit møte om den foreslåtte samanslåinga av NAV. 

Leikanger: Det var i førre veke arbeidsdirektør Sigrun Vågeng kom med anbefalinga om ein ny framtidig regional struktur i NAV.

For Sogn og Fjordane sin del inneberer det ei samanslåing med NAV Hordaland, som igjen kan bety at fylkeskontoret på Leikanger vert flytta til Bergen, noko arbeidsminister Annike Hauglie har støtta.

– Det var ikkje overraskande, men det er bekymringsfullt. Det er ofte rundt leiingsfunksjonar ein får nyrekruttering framover i tid. Difor er dette bekymringsfullt for sogneregionen.

Ber om møte med departmentet

Det seier leiar i Sogn regionråd og ordførar i Høyanger, Petter Sortland, til Porten.no. Etter initiativ frå Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd har regionrådet no bedt om eit møte med departementet for å diskutere den potensielle samanslåinga. Førebels ventar dei framleis på svar.

I brevet uttrykket regionrådet ein uro knytt til dei tjue arbeidsplassane i Leikanger som denne avgjerda vil ha verknader for. 

– Det overordna biletet er at me følgjer med og likar ikkje at arbeidsplassar vert tekne frå fylket vårt, seier Sortland.

Uroa for samarbeidet mellom NAV og kommune

No ønskjer dei å drøfte samfunnseffektane dette kan ha med departementet. Regionrådet er særleg opptekne av kva dette vil bety for samarbeidet mellom NAV og kommunane i tillegg til konsekvensane det vil ha på arbeidsmarknaden.

– Det er kommune og stat som utgjer NAV, der ein har kontor i kvar kommune. Det ligg i korta med NAV-reforma, som me alle andre reformer, at kontora vert slått saman. Ved å ta vekk Sogn, så rykker det i strukturane. Då får ein mindre kontaktpersonar i kommunane.

– NAV-strukturen er under trussel og press. Her er det viktig at me er på alerten og på ballen.

Til toppen