LAURDAGSKAMP: Dale IL meiner laurdag bør vere basisdag for 4. divisjonsfotball komande sesong. Den tanken deler Årdal-trenar Ivan Øy. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
LAURDAGSKAMP: Dale IL meiner laurdag bør vere basisdag for 4. divisjonsfotball komande sesong. Den tanken deler Årdal-trenar Ivan Øy. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Arkiv/Truls Grane Sylvarnes.)

Likar tanken om laurdagsfotball neste sesong

Fredag har vore ein basisdag for 4. divisjonsfotball i Sogn og Fjordane, men Dale IL meiner laurdagar er betre eigna.

Difor har dei fremja eit framlegg med ønske om at laurdag skal vere basisdag for 4. divisjon neste sesong, spesielt tidleg og mot slutten av sesongen.

Bakgrunnen for at det har blitt spelt kampar fredag er for å frigi helga for familiefolk, men Dale IL meiner fredag er den store familieagen.

«Lange bortereiser på fredagar gjer til at spelarar må ta fri frå jobb og skule, kampane på tidleg vår og sein haust blir spelt i flaumlys av høgst ujamn kvalitet og på baner utan flaumlys med tidleg kampstart.»

«Vi meiner også å registrere at publikumsoppmøtet, spesielt på tidleg vår/sein haust, blir påverka av at fredag er familiedag nr. 1 og folk "sit heime med tacoen og ser Gullrekka".»

Trenar for Årdal Fotballklubb, Ivan Øy, tykkjer tanken er god. Etter omlegginga i seriesystemet, klarte ikkje årdølene å berge ein plass i 3. divisjon denne sesongen. Dermed blir det 4. divisjonsfotball, og då passar det best på laurdagar.

– Eg synest det er mange gode poeng der. Me er vande til å spela på laurdagar, men eit av dei beste poenga er at det er problematisk å spela bortekampar på fedagar fordi folk må ha fri frå skule og jobb. Det medfører ekstraarbeid, ikkje berre for dei, men også for oss, så dette er eit fornuftig framlegg, seier Øy.

I Årdal sitt tilfelle er det spelarar som studerer andre stader i landet som kjem heim i helgene for spele fotball. Dessutan vil det vere utgifter knytt til det å kjøpe spelarar fri frå arbeid dersom ein skal spele kamp i vekedagar. 

Det er også eit visst håp om at den «nye» 4. divisjonen vil trigge fotballinteressa ytterlegare att med mange lokaloppgjer. 

– Det trur eg det kan føre til, ja. Viss Årdal kjem til Høyanger, er det mange som har gode minne av dei slaga der, så der vil det garantert koma fleire folk. Forhåpentlegvis kan Årdal vere med å heve nivået i divisjonen saman med Sogndal 2 og Stryn. Får ein meir blest rundt divisjonen, slik som den gode gamle Firdaligaen, så vil det truleg ha gode ringverknader på publikum og andre ting, svarar Øy. 

Dale IL skriv også i framlegget sitt at søndagar burde unngåast heilt sidan dette vil vere kampdagen for dei to topplaga i fylket, Sogndal og Florø, og at ein difor ikkje burde konkurrere om tilskodarar og mediemerksemd.

Saka skal diskuterast på leiarmøte i NFF Sogn og Fjordane komande søndag. 

Til toppen