KAMP: Laurdag spelar Årdal FK mot Sander i 3. divisjonskampen som vert spelt på Årdal stadion i Øvre. Foto. Camilla Skjær Brugrand.
KAMP: Laurdag spelar Årdal FK mot Sander i 3. divisjonskampen som vert spelt på Årdal stadion i Øvre. Foto. Camilla Skjær Brugrand.

– Like spennande kvar helg 

Årdal FK trenaren lovar god underhaldning på laurdag om marginene er på deira sida og om spelarane klarar å få opp effektiviteten i laget. 

Årdal: Ivan Øy og resten av Årdal FK går for siger under heimekampen mot Sander på laurdag. 

Porten.no sender video direkte frå kampen på laurdag. 

– Andre lag skal få vita at det er tøft å koma hit å spela mot oss, seier Øy. 

Les også: Bli kjend med Årdal sine motstandarar i avdeling 3

Strypet er tilbake

Det kokte over for målgarantisten Preben Strypet då Årdal FK møtte Hallingdal i første seriekamp på heimebane. Dette kosta han tre kampar. No har han igjen lov å spela. 

– Han har sona straffa si no og er blant dei tilgjengelege spelarane for i morgon. Om han får starta eller ikkje kjem an på om dei andre aktuelle spelarane får fri frå arbeid eller ikkje, seier Øy. 

Lagoppsettet for morgondagens kamp er endå ikkje spikra, men Øy lovar at det vil vere klart fredag kveld kven som startar mot Austlandslaget Sander. 

– Mer er ikkje fleire spelarar enn me burde vera. Litt av problemet vårt er å få folk fri til kampar. Det er like spennande kvar helg. Målet er å komponere eit lag som er så slagkraftig at me kan ta poeng, seier Øy. 

Har sløst vekk sjansar

Fokuset på treningane den siste veka har vore korleis ein opptrer i siste fase i form av effektivitet. 

– Me har sløst vekk eit par sjansar i dei førre kampane våre denne sesongen. Det er klart at det er eit stor forbedringspotensiale på den delen. Me kan ikkje sleppe motstandaren så lett til, seier Øy. 

Les også: – Den klart tøffaste avdelinga på Austlandet

Ein av nøkkelspelarane til Årdal FK, Eirik Rode, må stå over denne kampen grunna sjukdom, slik som førre helg. 

– Rode har vore ein viktig spelar dei soste kampane. Me veit diverre ikkje når han kjem attende. Han vert erstatta av Fredrik Sørli som har gjort ein god figur dei siste kampane, seier Øy. 

Kunne blitt avlyst

Norges Fotballforbund har strenge reglar på kva for farge målstengene i 3. divisjon og oppover skal sjå ut. Nokre oppmerksomme personar har kanskje fått med seg at Årdal FK sine mål har vore sølvfarga og ikkje kvite slik som fotballforbundet kreve. 

– Det har nok vore ein del måling den siste tida i heile landet. Det var eit anna lag som fekk grei beskjed om at kampen deira kunne bli avlyst om dei ikkje måla stengene. Den sjansen risikerar me ikkje, seier Øy. 

HMR Hydeq i Øvre Årdal har difor tatt på seg oppgåva denne veka med å lakkera alle måla til Årdal FK kvite. 

Til toppen