– Så lenge frontfagmodellen er ei heilag ku i LO, blir det kanskje ikkje likelønn før i 2045!, skriv Ingunn Kandal og  Randi Aven i Raudt Høyanger.
– Så lenge frontfagmodellen er ei heilag ku i LO, blir det kanskje ikkje likelønn før i 2045!, skriv Ingunn Kandal og Randi Aven i Raudt Høyanger. (Foto: Privat/arkiv)

MEININGAR

Likelønn - i år 2045?

Raudt ha vedteke ein eigen likelønnspott utanfor ramma i tariffoppgjeret  for å utjamne lønnsforskjellane og heve kvinner si lønn.

Meiningar: Søndag er det 8.mars – den internasjonale kvinnedagen. Dagen blei markert første gong i USA i 1909 og har sidan vore ein viktig kampdag for kvinnerørsla; først som ein reiskap i kampen for allmenn røysterett for kvinner og seinare som ein markeringsdag for viktige kvinnekrav; ikkje minst retten til sjølvbestemt abort.

Eit anna viktig krav handlar om likelønn. LO sitt berekningsutval har rekna ut at kvinner i 2019 tente 87,6 prosent av menn si lønn. I 2018 var dette talet 87,1 prosent - ein auke på 0,5 prosent! Med dette tempoet vil det i beste fall ta 25 år før målet om likelønn er nådd – altså i 2045!

Det gjer ikkje saka betre at dei kvinnedominerte forbunda i LO kranglar seg imellom.

Ingunn Kandal og Randi Aven

Det gjer ikkje saka betre at dei kvinnedominerte forbunda i LO kranglar seg imellom. Fagforbundet meiner det er viktigast å løfte dei kvinnedominerte yrka med lågast lønn, mens Fellesorganisasjon (FO) vil prioritere å auke lønna til dei med treårig høgskuleutdanning.

I 2008 var Anne Enger leiar for likelønnskommisjonen. Den foreslo ein eigen likelønnspott til utdanningsgruppene i offentleg sektor. Men forslaget blei raskt lagt vekk fordi det ville bryte med den såkalla frontfagmodellen, som inneber at det er lønnsoppgjeret i konkurranseutsett industri som skal leggje rammene for lønnsoppgjeret.

Nettavisa Fri Fagbevegelse har samanlikna lønnsnivået mellom kvinner og menn i hundre ulike yrke. Funna viser at det ikkje er eit einaste yrke der kvinner tener meir enn menn.

Dette viser at LO sin likelønnspolitikk med fokus på dei lågast lønna, ikkje løyser problema for utdanningsgruppene i offentleg sektor og heller ikkje gir ein lønnsauke som monnar for dei lågast lønna kvinnene.

Kua døyr, mens graset gror, heiter det. Og så lenge frontfagmodellen er ei heilag ku i LO, blir det kanskje ikkje likelønn før i 2045! Derfor vil Raudt ha vedteke ein eigen likelønnspott utanfor ramma i tariffoppgjeret for å heve kvinner si lønn og for å utjamne lønnsforskjellane. Dessutan må det innførast likestilling mellom skift- og turnusarbeid.

Til toppen