KREFTKOORDINATOR: Linda Mannes (nummer to f.v.) er tilsett som kreftkoordinator i Aurland kommune. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KREFTKOORDINATOR: Linda Mannes (nummer to f.v.) er tilsett som kreftkoordinator i Aurland kommune. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Linda Mannes er tilsett som kreftkoordinator i Aurland

Kreftsjukepleiar Linda Mannes er tilsett som kreftkoordinator i Aurland kommune.

Aurland: Det skriv kommunen på si eiga heimeside. Som kreftkoordinator skal Mannes vere ein ressursperson for den som er kreftråka og dei pårørande. 

I tillegg har ho fleire oppgåver ho kan hjelpe til med, som å gi råd, vere ein samtalepartner, vere eit bindelegg mellom ulike instansar og bidra til å leggje til rette kvardagen.

Ein treng ikkje tilvising eller søknad for å få kontakt med kreftkoordinator. Den kreftråka, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt. Tilbodet er gratis.

Til toppen