– Det var eit einstemmig vedtak frå våre medlemar i klubben om at dette er eit viktig tiltak som vi vil vere med å bidra til, seier sjefsløve Steingrimur Bogason.
Det sjenerøse bidraget føyer seg i rekkja av ei tilsynelatande endelaus givarglede frå lag, organisasjonar, privatpersonar og kommunar.
Bogason meiner dette viser kor viktig ei MR-maskin faktisk er for folk.
– Det at me får ei slik maskin i Indre Sogn vil bli ei gigantisk lette. Det vert eit stort steg i riktig retning at me får slutt på all denne reisinga land og strand berre for å få tatt eit enkelt bilete, seier han.
Som vi skreiv i går står det att ein halv million kroner før finansieringa av MR-maskina er i boks. Det betyr at godt og vel 2,5 millionar kroner har kome inn på knappe fire veker.
Her kan du sjå eit knippe av dei som har bidrege:
- MR-bidrag frå bankar og Røde Kors
- Kjempegåve til MR-maskin: – Flott måte å bruke pengane på
- Årdal vil støtte opp om MR-maskina
- Basarpengane går til MR-maskina
- Pengane dei samlar inn skal rett til MR-maskina
- Ektepar gav ein halv million til MR-maskina
- Tek av teaterpengane til MR-maskina
- Dei vil også bidra til MR-maskina
- 100 000 kroner til MR frå skyttarar og fjellstyre
- Fekk inn 66 000 kroner til MR
- Pensjonistane gir 35 000 kroner til MR