Årdal: Ungdomspolitisk utval (UPU) er arbeidsorganet til fylkestinget for ungdom. Dei følgjer opp vedtak og rapporterer til Fylkesting for ungdom (FFU) om måten dei har følgt opp vedtak sidan førre tingsete. Utvalet skal i tillegg òg fungera som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og ungdom.
– Utroleg spennande
På møtet den 10. november blei årdølen Lisa Horpen vald som nytt medlem etter at Thomas Haugnes frå Florø fekk fritak frå vervet sitt, opplyser ungdomspolitisk utval i ei pressemelding.
– Det blir utruleg spennande å skulle representera så mange barn og ungdommar i Sogn og Fjordane. Mykje arbeid skal gjerast for at alle ungdommar blir høyrde, seier den nye medlemmen.
Horpen kjem frå Årdal kommune og er seksten år gamal. Ho er òg med i Årdal ungdomsråd og erfaringa herifrå kjem ho til å ta med seg vidare i UPU, står det i pressemeldinga.
Fast møtande
I tillegg blir Egil Vestrheim frå Lærdal fast møtande for Tora Ørnes Tvedt fram til neste fylkesting for ungdom i april. Tora, som er frå Sogndal, vart i utgangspunktet vald til å sitja i UPU for to år, men ynskte fritak frå vervet sitt.