TURMINNER: Lisbeth Bringebøen frå Sogndal kjempar om tittelen Årets turjente. – Det er veldig triveleg å berre ta middagen ute i naturen eller sove ute ein stad i sovepose i jervenduken. Det må ikkje nødvendigvis alltid vere så lange turar, men eg liker veldig godt å gå på nye plassar, seier ho. Foto: Privat.

Lisbeth frå Sogndal kan bli årets turjente – desse bileta viser kvifor

– Det å bu midt i smørauget av fjordarmar og fjelltoppar er heilt fantastisk! Det er klart det blir mange og fine bilete av slikt.

Sogndal: Lisbeth Bringebøen frå Sogndal er ein av kandidatane til utnemninga Årets turjente. Nettsida som står bak ønskjer å inspirere fleire jenter ut på tur og har gjennom året plukka ut kandidatar dei meiner greier nettopp det. På måndag går dei femten med flest stemmer til ei ny stemmerunde før ein jury vil kåre vinnaren.

HØGT OPPE: Ho likar å drive med mykje forskjellig, men toppturar er ein av favorittane.
HØGT OPPE: Ho likar å drive med mykje forskjellig, men toppturar er ein av favorittane.

Sjølv er ikkje Bringebøen heilt sikker på kvar turinteressa hennar kjem frå.

– Men eg har alltid likt å prøve nye ting. På den måten har eg enda opp med å vere veldig allsidig og gjer egentleg litt av alt: fjellturar, toppturar på ski, klatrar litt, padlar kajakk, syklar både sti og landeveg, liker å fiske og mykje meir, seier ho.

Les også: Slike blinkskot frå Sogn fekk fart på fotokarriera hennar

Dei to favorittane er padleturane på lustrafjorden, der ho alltid møter sel, og toppturane i sogndalsdalen, der ho alltid finn snø.

Når ho blir bedd om å trekkje fram høgdepunktet i 2016 får ho større problem. Klatreskule i Lofoten og toppturfestival på Svalbard blir trekte fram som dei første kandidatane, før kompassnåla svingar i retning heimlege trakter.

– Det er turane i nærmiljøet det blir flest av og det er dei eg set størst pris på. Det å bu midt i smørauget av fjordarmar og fjelltoppar er heilt fantastisk! Det er klart det blir mange og fine bilete av slikt.

A photo posted by Lisbeth (@lisbethjb) on

A photo posted by Lisbeth (@lisbethjb) on

A photo posted by Lisbeth (@lisbethjb) on

A photo posted by Lisbeth (@lisbethjb) on

A photo posted by Lisbeth (@lisbethjb) on

Til toppen