NOMINASJON: Lise May Sæle.
NOMINASJON: Lise May Sæle. (Bilde: Pressefoto)

Lise-May (23) frå Balestrand på sjetteplass

Det blei bestemt etter nominasjonsmøtet til Vestland Høgre for Hordaland valkrins.

Balestrand: På nominasjonsmøtet til Vestland Høgre for valkris Hordaland, blei det vedteke at Lise-May Sæle (23) frå Balestrand blir ungdomskandidaten til partiet. Ho står på sjetteplass på lista, der statsministaren òg er representert.

Balestrendingen har trass sin unge alder lang fartstid i politikken. På nettsidene sine skriv partiet at Lise-May har gjennom sin innsats på fylkestinget vist at ungdommen har sin plass i politikken.

Lista ser slik ut:

  1. Erna Solberg, Bergen
  2. Ove Trellevik, Øygarden
  3. Peter Christian Frølich, Bergen
  4. Liv Kari Eskeland, Stord
  5. Charlotte Spurkeland, Bergen
  6. Lise-May Sæle, ungdomskandidat, Bergen
  7. Karstein J. Totland, Masfjorden
  8. Erlend Nævdal Bolstad, Ullensvang
  9. Hannah S. Atic, Bergen
  10. Roald Stigum Olsen, Senior Høgre-kandidat, Bergen
  11. Iril Schau Johansen, Voss
  12. Brage Engebretsen, Bergen
  13. Thomas Larsen, Alver
  14. Janne Gro Nyheim Rasmussen, Bergen
  15. Anita Mellingen, Austevoll
  16. Erlend Hesjedal-Johannessen, Vaksdal
  17. Stian Herøy, Fedje
  18. Henrik Engevik Hatlevik, Stord
  19. Anne Lorgen Rise, Bergen
  20. Lars Einar Hollund, Sveio
  21. Vasan Singaravel, Bergen
  22. Inger-Lise Skarstein, Bergen
Til toppen