Listhaug kuttar støtten til pelsdyrproduksjon
(Foto: Fredrik Strømsnes)

Listhaug kuttar støtten til pelsdyrproduksjon

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) føreslår kraftig kutt i støtten til pelsdyrproduksjon i samband med jordbruksoppgjeret.

  • Endret

I år får dei som driv med pelsdyroppdrett 17,8 millionar kroner i tilskot til frakt av fôr. Det tilskotet er føreslått fjerna i det tilbodet som staten tysdag leverte bøndene i årets jordbruksoppgjer.

Støtten til avløysarordninga på nærare 14 millionar kroner blir føreslått at ein opprettheld.

Framstegspartiet har programfesta at partiet ønskjer å fjerna støtten til pelsdyroppdrett i Noreg, medan Senterpartiet og KrF ønskjer å halde på støtten.

Høgre seier ikkje noko om pels i sitt program, og blant partiets stortingsrepresentantar er meiningane delte.

Arbeidarpartiet ønskjer ei styrt avvikling  av næringa.

Dyrevernalliansen kallar Listhaug-forslaget for ‹ein gledas dag». Også Siri Martinsen, leiar i dyrevernorganisasjonen NOAH, håpar at midla som vert trekt heller kan brukast til styrt avvikling av næringa.

– Arbeidarpartiet, SV, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Rødt ønskjer alle ei avvikling av pelsdyroppdrett, og me håpar at Frp også innser at befolkninga ikkje berre vil fjerna støtten til næringa, men også næringa i seg sjølv.(©NTB)

Til toppen