BERRE SV: Av partia på Stortinget er det berre SV som har programfesta at dei ønskjer eit makstak på eigendelen for tannlegebesøk etter modell av helsevesenet. Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune
BERRE SV: Av partia på Stortinget er det berre SV som har programfesta at dei ønskjer eit makstak på eigendelen for tannlegebesøk etter modell av helsevesenet. Illustrasjonsfoto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lita interesse for tannhelsefinansiering på Stortinget

Noreg er det nordiske landet med minst finansiering av tannhelse til vaksne. Likevel er norske politikarar tilbakehaldne med å ta tak i denne helseutfordringa.

 

Alle over 20 år må som hovudregel heilfinansiera tannlegebesøk i Noreg, mens både Danmark og Sverige har ordningar der ein refunderer ein del av behandlinga. Også Finland har ei betre ordning, men her er biletet meir nyansert, skriv Aftenposten.

– Finland har tilsynelatande ei betre finansieringsordning enn Noreg når det gjeld å førebyggja sosial ulikskap i bruk av tannhelsetenester. Ut frå dei tala vi har verkar det som at finnane har andre årsaker til ikkje å gå til tannlegen samanlikna med nordmenn, seier seniorrådgjevar Arne Jensen i Statistisk sentralbyrå som har undersøkt og samanlikna offentleg tannhelse i nordiske land.

Av finske pasientar som ikkje har gått til tannlegen det siste året trass behov for det, svarar 77 prosent at dette kjem av ventelister. Jensen peikar likevel på at den sosiale ulikskapen vil kunna speglast også i ventelistene.

– Sjølv om ikkje personleg økonomi vil ha direkte påverknad på om den enkelte finne går til tannlegen eller ei, er det grunn til å tru at fleirtalet av dei som står i kø for tenester i offentleg tannhelseteneste har for dårleg økonomi til å få utført tenester andre stader.

Av partia på Stortinget er det berre SV som har programfesta at dei ønskjer eit makstak på eigendelen etter modell av helsevesenet, mens Venstre nemner eit høginntektsvern utan å visa til konkrete tal. Fleire parti ønskjer å utvida eller få på plass nye refusjonsordningar for enkeltgrupper.

Til toppen