Årdal: – Det var kjempeflott å få koma til Årdal og synga i den fantastiske akustikken i Farnes kyrkje. Og det er veldig inspirerande å jobba med Bert - han har ein eigen utstråling og gjer at det blir mindre avstand mellom artistane og publikum, seier Helga Farestveit.
24-åringen frå Sogndal studerer klassisk song ved Musikkonservatoriet i Kristiansand. Tysdag song ho saman med kora i Årdal og Lærdal under Kulurveka i Farnes kyrkje.
– Det var meir publikum enn eg trudde det kom til å bli; dei var med og gav oss veldig god respons. Å synga saman med kora i Årdal og Lærdal heime i flotte Sogn vart ei heilt spesiell oppleving, vanskeleg å setja ord på, eigentleg. Så er jo årdølene veldig koselege, seier ho.
Artikkelen held fram under biletet

– Oppsummerande for alt eg driv med
Repertoaret spende svært vidt frå stykket «Didos klage» - opera frå barokken på 1600-talet via viser som «Vestland, Vestland» til moderne pop og rock som Sting og Bob Dylan.
– På ein måte er dette oppsummerande for alt eg driv med. No studerer eg altså klassisk song her i Kristiansand. Så tek eg oppdrag i ulike lag - fra seminar til bursdagar - der det skal vera meir jovialt. Og eg syng ein del meir moderne pop. Så det var kjekt å kunne visa fram heile breidda.
Les også: Frå opera til Sting under Kulturveka
Farestveit håpar å kunne leva av songen, og trur ei allsidig tilnærming kan vera eit godt utgangspunkt.
Artikkelen held fram under biletet

Brukar heile kroppen
– Eg trur det er positivt å ta varierte oppdrag. Det blir ein styrke å ha fleksibiletet, vera allsidig, og «allround».
Og når det gjeld operaen spesielt; korleis kan ei lita kvinne ha ei så stor stemme? Nettopp ved å ikkje berre bruka stemma.
– Opera er ein teknikk som krev mange år å byggja, og det er utruleg spennande. Ein syng ikkje berre med stemma, men heile kroppen blir eit instrument. Alle kan opna opp og bruka klangen i kroppen, men det tek altså veldig lang tid å byggja ei operastemma. Eg byggjer ei verktøykasse med kroppen min til å utvikla min kunst.