HELD FRAM DEN SYMBOLSKE SJEKKEN: Glenn Morten Hestetun i Sognefjord Havneservice og Rune Blikken, Beredskapsansvarleg i Norsk Folkehjelp Årdal.
HELD FRAM DEN SYMBOLSKE SJEKKEN: Glenn Morten Hestetun i Sognefjord Havneservice og Rune Blikken, Beredskapsansvarleg i Norsk Folkehjelp Årdal. ( Snorre Sandemose)

Lita verksemd gav litt av overskotet til Norsk Folkehjelp Årdal til jul

Kjekt å støtta ein organisasjon som gjer eit so viktig arbeid for bygda. 

Årdal: – Eg er so heldig at firmaet går nokolunde og eg har gode samarbeidspartnarar. I staden for å gje ei julehelsing til kvar og ein av dei so gjev me éin sum til eit godt føremål, seier Glenn Morten Hestetun i Sognefjord havneservice. 

Samarbeidspartnarane til Sognefjord havneservice vert ikkje leie når dei ikkje får julegåve:

– Eg sender ut ein e-post til samarbeidspartnarane og ynskjer god jul. So skriv at eg har gjeve til eit godt føremål. Dei helsar det velkome og tykkjer det er eit godt tiltak, seier Hestetun.

Norsk Folkehjelp takksame

– Eg vil på vegne av Folkehjelpa takka for ei kjærkomen gåve til vår aktivitet, som ikkje er gratis å drifta. Me har hus, hytte og utstyr som gjev oss faste utgifter kvart år, seier Rune Blikken, nestleiaren i Årdal Norsk folkehjelp.

Blikken presiserar so at gåver som den frå Sognefjord Havneservice ikkje går til å dekkja inn faste utgifter. Men det kjem vel med å ha ekstra midlar til rådvelde, og dessutan sparar organisasjonen til å betra standarden både på fjellhytta og på organisasjonshuset i Øvre Årdal.  

– Me står på for lokalsamfunnet, for å bruka litt store ord. Me har vist i fleire settingar at me kan bidraga. Alle kroner er med på å bidraga til at me kan gje noko til lokalsamfunnet. Og det er viktig, seier Blikken. 

Kjekt å gje til ei god sak
– Me er so heldige me som er fødde i Noreg og bur her, me har jo alt, og vel so det, seier  Hestetun. 

Men sjølv om han seier at «me har alt», so presiserar han at heile bygda treng å ha ein organisasjon som Norsk Folkehjelp til stades og i beredskap. 

 

I tillegg kjem organisasjonen årdølene til gode i det daglege. Beredskapshytta til Norsk Folkehjelp vert til dømes lånt ut til skuleklassar og kjem til nytte for bygda på fleire måtar. 

– Organisasjonen gjer mykje bra og er fantastisk å ha i nærleiken, seier Hestetun. 

Til toppen