IKKJE MOTTAK: Det var søkt om 40 plassar for einslege mindreårige i Lærdal, men UDI har no avlyst konkurransen. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.
IKKJE MOTTAK: Det var søkt om 40 plassar for einslege mindreårige i Lærdal, men UDI har no avlyst konkurransen. Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving.

Lite behov gjer at det ikkje blir nytt mottak i Lærdal

Låge ankomsttal gjorde at UDI avlyste konkurransen.

Lærdal: UDI har beslutta å avlyse dei seks regionale konkurransane for å skaffa 600 nye mottaksplassar for einslege mindreårige asylsøkjarar. Det skriv UDI i ei pressemelding.

– Dette handlar om låge ankomsttal som gjer at behovet er mindre enn me rekna med då me lyste ut konkurransen. Difor vel me å avlyse slik at me etablerer ikkje nye mottak i denne omgangen, seier fungerende regiondirektør for Vest, Sissel Mehammer, til Porten.no.

Det betyr at det ikkje blir noko av det planlagte asylmottaket i Lærdal, som var ein av elleve søknader som låg inne. Det var Hero Norge som stod som tilbydar av 40 plassar her. 

I Aurland ønskte Lopex Mottak å tilby 40 plassar, men dette blir heller ikkje noko av. 

I perioden til og med april i år hadde det kome 121 einslege mindreårige asylsøkjarar til Noreg. I same periode i fjor kom det over dobbelt så mange med 293. 

Det planlagte mottaket i Lærdal fekk mykje merksemd i media i vinter. Høgeloft AS hadde eit ønske om å kunne tilby mottak for einslege mindreårige på Borgund i Lærdal med Hero som driftar av mottaket.

Før helga avslutta UDI konkurransen for å skaffe nye, ordinære mottak i tre regionar, men det blei tildelt fem kontraktar på til saman 830 plassar, ingen av desse i Sogn og Fjordane. 

Til toppen