KOKEPÅBOD: Bustader i dette området som ikkje er råka, skal ha fått melding.
KOKEPÅBOD: Bustader i dette området som ikkje er råka, skal ha fått melding.

Fann bakterie i drikkevatnet, innførte kokepåbod i Årdal

Husstandane som får vatn frå høgdebassenget i Geisdalen på Årdalstangen må koka vatnet sitt.

Årdal: Torsdag kveld sende Årdal kommune ut melding om at vatn på Årdalstangen er ureina, og må kokast. I samråd med Mattilsynet og kommunelege er det difor innført kokepåbod.

Arne Kjos, ingeniør og fagansvarleg for vatn og avløp Årdal kommune, opplyser til Sogn avis at det vart funne bakterie i vatnet under ein rutinemåling måndag.  

– Det er ein bakterie som heiter enterokokk. Det er éin bakterie som er funnen, ikkje store mengder. Men rutinane våre er heilt klare: Viss det er påvist bakterie så skal det gå ut varsel om kokepåbod, sa han til avisa. 

Ifølgje Folkehelseinstituttet er Enterokokker ei gruppe bakteriar som tidlegere inngjekk i gruppen fekale streptokokker, men som no reknast som ein eiga slekt, Enterococcus. Enterokokker kan i stor grad vera resistente mot ulike typer antibiotika. Bakteriane fører sjelden til sjukdom, men kan i nokre tilfeller føre til infeksjon i urinvegane og i sår. 

Kommunen utfører vassprøvar kvar 14.dag og dei vert sende til SognLab i Sogndal. Prøver teke på måndag i høydebassenget i Geisdalen inneheldt bakterien. 

Nye prøver måndag

Kokepåbodet gjeld bustader som får vatn frå høgdebassenget i Geisdalen. Alle husstandar som dette gjeld, har fått melding på sms eller via talemelding på telefon, melder kommunen.

Vatn, avløp og renovasjon-avdelinga i Årdal gjer folk merksame på at der er nokon bustader innanfor dette området som likevel ikkje er påverka.

Avdelinga har plukka ut og sendt meldingar kun til desse husstandane, men oppmodar folk til å koka vatnet om det skulle vera tvil.

Det vert teke nye prøvar førstkomande måndag, men svar på desse er ikkje klare før torsdag 17. oktober. Melding vert sendt når kokepåbudet vert oppheva. 

Porten.no har ikkje lukkast i å koma i kontakt med kommunen for meir info. Me kjem tilbake med meir.

Til toppen