BALANSE: Tysdag presenterte administrasjonen i Årdal kommune eit arbeidsbudsjett i balanse for finansutvalet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BALANSE: Tysdag presenterte administrasjonen i Årdal kommune eit arbeidsbudsjett i balanse for finansutvalet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Lite rom for omprioriteringar i neste års budsjett

Det måtte samtlege polikarar i finansutvalet vedgå då dei starta på arbeidet med neste års budsjett for Årdal kommune.

Årdal: Tysdag la rådmann fram eit arbeidsdokument med forslag til korleis neste års budsjett skal gå i balanse. 2016 blir etter alt å dømme kommunens siste år på Robek-lista, og det betyr at det framleis er stramme tak rundt økonomien.

– Hovudprioriteringa for Arbeidarpartiet er å laga eit budsjett som gjer at me kjem ut av Robek når 2016 er omme. Me har no fått eit budsjett i balanse, og så er det opp til gruppa å sjå om dei finn ting me vil prioritere om, seier Arild Ingar Lægreid (Ap). 

Svara frå dei andre folkevalde gjekk på mykje det same. Kurt Jevnaker i Venstre innser at det blir vanskeleg å omprioritere dei store pengane komande budsjettår, og sjølv om partiet hans helst skulle sett ei større satsing på kultur med tilsetjing av ein ny kultursjef blant anna, innser han i likskap med dei andre at 2016 ikkje er året å gjere dette på.

Auka avgift i SFO

Likevel var det nokre område dei folkevalde beit seg ekstra merke i då dei kom med innspel budsjettet, som skal leggjast fram til politisk behandling i formannskapet i starten av desember.

I forslaget som kommunalsjef Svein Arve Grindhaug losa polikarane gjennom var blant anna månadsavgifta i SFO oppjustert med 20 prosent frå 2100 kroner til 2600 kroner i månaden.

– DYRT: Sandra Opheim (MDG) meiner det er dyrt å auka avgifta i SFO med 20 prosent.
– DYRT: Sandra Opheim (MDG) meiner det er dyrt å auka avgifta i SFO med 20 prosent.

– Det synest eg var dyrt. Dette kan føre til at færre nyttar seg av tilbodet, er Sandra Opheim (MDG) sin reaksjon, som også Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) stilte seg bak. 

– Dette er eit tilbod som har vore veldig godt her i Årdal, og som har vore naudsynt fordi både menn og kvinner deltek mykje i arbeidslivet. Me må passa oss, så me ikkje skyt oss sjølve i leggen, seier Ap-politikaren. 

Viktig tilbod

Skulefritidsordninga, som SFO står for, skal vera eit sjølvfinansierande tiltak i kommunen. Det betyr at utgiftene ikkje skal vera større enn inntektene, men sjølv med oppjusteringa til 2600 kroner, noko som tilsvarar rundt 700 000 kroner dersom barnetalet vert det same, vil ikkje området vera sjølvfinansierande. 

Samstundes er dette eit tilbod dei folkevalde ser på som sentralt når ein skal diskutere attraktiviteten til kommunen. 

– Me har alltid seld oss inn på at me har gode tenestetilbod. Med den situasjonen me er i no, er det ein stor jobb å trekka folk hit og få dei til velja Årdal, seier Kurt Jevnaker, som saman med Knut Arne Klingenberg (H) også gav næringsarbeidet i kommunen fokus i sin argumentasjon.

Møtast på midten

For å gjere alle til lags, bestemte dei seg til slutt for å gjere som rådmann Olve Fossedal foreslo.

– Å redusere personalkostnad i eit slikt omfang at det ikkje raserer tilbodet og hente resten på å auke gebyret.

Difor fekk administrasjonen i oppgåve å finne ei løysing på dette til det nemnde formannskapsmøtet om nokre veker. 

BARNEHAGAR: Hilmar Høl (Ap) drog fram fleksibilitet i barnehagane i møtet.
BARNEHAGAR: Hilmar Høl (Ap) drog fram fleksibilitet i barnehagane i møtet.

Barnehagedekning

Eit anna punkt som vart dratt fram var barnehagane. Hilmar Høl (Ap) sette barnehagedekninga på dagsorden i førre kommunestyremøte og gjentok seg sjølv i finansutvalet.

– Det er snakk om ei forsterkning med omsyn til å køyra inn eit fleksibelt inntak for ungar over 1 år, og så er det klart at det er veldig vanskeleg å få det til. Me har to hovudopptak i Årdal, og me veit at årdølene i høgste grad er lønsmottakarar som gjer at det kan bli vanskelege periodar dersom ein er fødd ugunstig i forhold til inntaka.

– Det handlar om å vera så fleksibel at ein kan gje eit tilbod innanfor dei rammene. Eit av tilboda me er gode på i Årdal er barnehageplassar, og no får me utarbeidd eit notat frå rådmannen som eg håpar fell greitt, seier han.

UNGE: Aleksander Øren Heen (Sp) vil spissa satsinga mot unge som vil etablere seg i Årdal.
UNGE: Aleksander Øren Heen (Sp) vil spissa satsinga mot unge som vil etablere seg i Årdal.

Vil rette seg mot unge

Aleksander Øren Heen (Sp) seier dette med fleksibelt barnehageopptak har vore viktig Senterpartiet også. I samanheng med budsjettet vurderer dei å leggje fram eit eige forslag for å synleggjere korleis ting ville sett ut dersom dei sat med makta.

– Det blir ei spissa satsing for å nå ei aldersgruppe Årdal treng fleire av. Då blir det å føra ein bevisst politikk som gjer oss meir attraktive for den aldersgruppa. Det er i tråd med det me gjekk til val på også.

På spørsmål om kva utfordringar som potensielt ventar i åra som kjem, er svaret at det ikkje er så enkelt å seia sidan det er så mange lause trådar i den sentrale politikken.

– Dette gjeld til dømes skatteleggjing av bruk og verk, men legg eg som føresetnad at det blir som no, ser ting noko lysare ut enn på mange år. Det vil alltid vera ei bevisst haldning rundt økonomi, og me ser me må redusera tal stillingar fordi ein ikkje for dekka det av staten og ein må styre etter rammene ein har. Me vil satse og prioritere dei områda me har gått til val på, som er å gjera Årdal meir attraktiv for unge som ønskjer å etablere seg.

Til toppen