NYTTAR PLASSEN: Andrea Søgnen Tveit trivst i si vesle leilegheit, der ho har måla veggane kvite og bygd bokhylle over vindauget. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
NYTTAR PLASSEN: Andrea Søgnen Tveit trivst i si vesle leilegheit, der ho har måla veggane kvite og bygd bokhylle over vindauget. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Lite rom, men mykje plass

Lyse fargar og lure oppbevaringssystem. Det er fleire ting ein kan gjera for å få ein liten leilegheit til å verka større.

  • Endret

– Av og til kjenner eg det som om eg bur i ei hytte, seier Andrea Søgnen Tveit. Ho er student og bur i ei leilegheit på 20 kvadratmeter. Sjølv om ho ikkje har mykje plass å boltra seg på, er ho klar på at ein lett kan ha ein fin heim sjølv om plassen er avgrensa.

Artikkelen held fram under biletet

UNDER SENGA: To skuffer rommar filmar og sengetøy. 
UNDER SENGA: To skuffer rommar filmar og sengetøy. 

Utnytt høgda

For å få betre plass bruker ho veggane til oppbevaring, og plasserer ting under senga og under bord. I tillegg heng det eit stativ på baderomsdøra med capsar og vesker, og tre hengjande korger har plass til huer og vottar ved inngangsdøra.

HENG OPP: På dører kan ein få plass til mykje om ein bruker knaggar. 
HENG OPP: På dører kan ein få plass til mykje om ein bruker knaggar. 

– Knaggar på døra er lure å bruka for å få ekstra plass, seier Tveit.
Interiørarkitekt Tine Ollendorff, som har skrive boka «10 kvadratmeter: Inspirasjonsboka for små rom», er samd med Andrea om at ting gjerne kan bevega seg oppover veggane.

– Det å byggja i høgda kan vera lurt, så ein kan utnytta all den plassen ein har. Ein kan til dømes ha bokhyller og skap heilt opp til taket, også over dører og vindauge der det er plass, seier ho.

Andrea har bygd bokhylla rundt det eine vindauget, og oppbevarer i tillegg til bøker både platespelar, esker og spelkonsollar der.

Lyse fargar

Veggane i leilegheita til Andrea er heilt kvite, noko som ifølgje interiørarkitekt Ollendorff er eit lurt val med tanke på å få rommet til å verka større.

OPPHENG: Også kjøkkenreiskap kan oppbevarast vertikalt. 
OPPHENG: Også kjøkkenreiskap kan oppbevarast vertikalt. 

– Ein må velja fargar som reflekterer mykje dagslys, seier ho og fortel at ulike nyansar av kvitt, blått, blågrått eller fiolett får rom til å verka større. Andrea har også to store vindauge som slepp mykje lys inn, og sidan ho bur i den øvste etasjen i blokka, har ho god utsikt til byen.

– Vindauge har mykje å seia, seier Andrea. – Det hadde ikkje vore noko gøy å vera her utan vindauge og luft. Det hadde nok vore veldig trist om ein berre måtte stira inn i ein annan murvegg.

Få møbel

Ein kan også spara mykje plass ved å vurdera kva slags møbel ein har, og kva rolle dei speler i rommet. Interiørarkitekt Ollendorff meiner at det er lurt å velja små ting heller enn store ting.

– Det er dessutan lurare å undermøblera enn å overmøblera, seier ho.

Hjå Andrea er det fleire møbel som har måtta vika for golvplassen.

SPARSAMT: Få møbel inneber meir plass i ei lita leilegheit. 
SPARSAMT: Få møbel inneber meir plass i ei lita leilegheit. 

– Eg har hatt fleire møbel her, men eg vart så sliten av det. Eg har ikkje behov for noko meir, seier ho.

Oppvaskmaskin har ho valt vekk, og sofa har ho ikkje plass til. Det einaste ho har tenkt at ho manglar, seier ho, er kaffitrakter. Og kanskje eit dusjkabinett.

– Det blir til at eg vaskar badet kvar gong eg dusjar.

Treng ikkje så mykje

Andrea meiner at folk gjerne kan tenkja over kor mykje plass dei eigentleg har behov for, og at det ikkje er plassen det står på når ein skal skapa ein heim. Leilegheita hennar brukte å vera ei bu, men ein tidlegare eigar gjorde han om til bustad, med eitt rom og eit lite bad.

Andrea trivst med å bu i ein liten leilegheit, men seier det er éin ting ho ville gjort annleis om ho hadde meir plass.

– Eg ville hatt eit separat soverom, seier ho. – Det er litt ubehageleg å ha matlukt i det einaste rommet ein har.

HYLLEPLASS: Ei bokhylle kan romma meir enn berre bøker. 
HYLLEPLASS: Ei bokhylle kan romma meir enn berre bøker. 

 (©NPK)
 

Til toppen