SOL, SOL, SOL: Vêrmeldingane i påska ser mildt sagt lovande ut.
SOL, SOL, SOL: Vêrmeldingane i påska ser mildt sagt lovande ut. (Foto: Bård Basberg / SGN skis)

Slik blir påskeføret i skisentra rundt om

Ein ikkje heilt ideell vinter går mot slutten. Vêrmeldingane inn mot påske gir likevel grunn til optimisme for skisentra.

Indre Sogn: Vêrmeldingane lovar strålande sol kvar dag fram til palmesundag. Oppimot ti plussgrader om dagen og elles kalde netter bør sikra det typiske «påskeføret».

– Ikkje berre trur eg at det blir gode forhold til påska, eg veit det, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar ved Sogndal skisenter.

Med ein snøfattig vinter kunne ein nesten frykta at det vert for mykje påskevêr av det gode. Grevsnes seier satsar på å halde det ope kvar dag i heile påska, men det vil kreva ein innsats.

– Me har aldri hatt så lite snø som i år, vedgår han.

Førehandssal redda sesongen

Vanlegvis pleier skisenteret å opne i midten av desember, men forholda i år gjorde at kunne skisenteret ikkje kunne opna før tidleg januar.

PÅSKESTEMNING: Per Odd Grevsnes lovar at dei skal gjera alt for å halda ope kvar dag heile påska, sjølv om snøen har vore i manko i vinter.

– Det har vore ein spesiell sesong, fordi me kom litt seint i gong. Men på grunn av godt førehandssal av sesongkort, har me klart å berga oss med det, seier Grevsnes.

I Luster har dei kunstsnø, og dermed har skisenteret greidd seg fint sjølv om vinteren har vore spesiell. Om meldingane held det dei lovar, skulle det meste ligga til rette for ei perfekt påske i bakken.

– Så det er eigentleg opp til folket, om dei er leie av å stå på ski, eller om dei er gira på meir. Det er seint på sesongen, det er snart mai. Det er dét eg er spent på, seier dagleg leiar Runar Tørvi i Sogn skisenter.

Håpar vêret lokkar folk til fjells

På Filefjell melder dei om gode forhold. Her óg satsar dei på å halda ope kvar dag heile påska.

– Det ser bra ut. Me er klare for innrykk, seier Magne Grihamar i Tyin/Filefjell Utvikling.

Han óg tykkjer det er naturleg om folk er våryre, og har tankane andre stader enn i vinterfjellet. 

– Likevel vel eg å vera positiv når det så god vêrmeldingar. Då får me håpa det kjem mykje folk likevel. Me ønskjer folk velkomne til fjells, seier han.

I Seimsåsen i Årdal har dei den høgsliggande lysløypa i fylket på 750 meter, i tillegg til fine toppturmål i nærleiken. 

– Det er fine forhold i alle løyper fortsatt, seier Terje Solheim.

I Årdal blir det óg jobba på spreng for å laga til parkering på 1000 meter ved Murane langs Tindevegen.

– Nede ved skisenteret er det lite snø no, så difor har det vore eit ønskje om legga til rette for at påskefolket kjem seg opp til snøen og løypene. Det jobbar me med, sa styreleiar Frank Eldegard i Tindevegen til Porten.no tysdag.

Til toppen